Møbelprodusenten Ekornes har bestemt seg for å legge ned fabrikken på Hareid og samle dei to Stressless-sofafabrikkane i Sykkylven. Det fortel selskapet i ei melding i dag, torsdag.

I følgje meldinga vil dei tilsette i produksjonen få tilbod om å verte flytta til Sykkylven.

- Bakgrunnen for samanslåinga er behovet for å styrke selskapet si konkurranseevne i ein stor, men krevjande internasjonal møbelmarknad, lyder det i meldinga.

Samanslåinga er i følgje Ekornes venta å redusere kostnadane med omlag 10 millionar årleg.

I følgje Hegnar.no vil rundt 70 tilsette verte råka av nedlegginga.