Når Arena Ulstein står ferdig, vil det også innehalde eit flunkande nytt bibliotek. For å finne ut korleis ein på best måte kan skape eit moderne bibliotek, som også kan vere ein viktig arena for born og unge, var representantar frå lokalt og nasjonalt biblioteksmiljø, administrasjonen i Ulstein kommune og fleire frå næringslivet samla til ein inspirasjonsverkstad på Ulstein Expo måndag.

I første innlegg trekte Torgeir Waterhouse, direktør for Internett og nye medium i IKT-Norge, mellom anna parallellar mellom då videoutleigekioskane gradvis byrja å døy ut, og dagens bibliotek.

– Biblioteket må halde fram med å utvikle seg. Det handlar om at vi innser at teknologi er svaret på korleis vi handterer informasjon i dagens teknologiske samfunn.

Kva med andre ressursar?

Waterhouse ville også gi skryt til Ulstein kommune, som pionerkommune på koding og teknologilæring i skulen.

– Born i dag treng å vite korleis teknologi fungerer. Eit bibliotek er i dag brua mellom folket og informasjon, og slik vil det også vere når biblioteket blir meir og meir digitalisert og teknologibasert. Difor er det svært spanande dette Ulstein kommune vil få til i det nye biblioteket i Ulstein Arena.

Mona Myrland, biblioteksjef for Fyrverkeriet bibliotek og kulturhus i Raufoss, snakka så om kva eit bibliotek er i dag, og kva det vil vere i framtida.

– Bøkene er ein viktig ressurs, men kva om vi kan ha mange andre ressursar i eit bibliotek? spurde ho retorisk.

– Lokal forankring

– Dette kan bli eit unikt bibliotek, seier Aat Vos.

Siste innlegg før ein felles inspirasjonsverkstad var det den nederlandske stjernearkitekten Aat Vos som heldt. Han har jobba med bibliotekdesign i 25 år, og vunne ei rekkje internasjonale prisar for arbeidet sitt. Han har mellom anna jobba med Deichmanske bibliotek i Oslo, og har for eksempel teikna Bibliotøyen, eit barne- og ungdomsbibliotek i Tøyen bydel i Oslo. Han vart henta inn til denne verkstaden, og til sjølve prosjektet, for å hjelpe Ulstein å skape eit tilbod som kan bli ein «heim utanfor heimen», like mykje som eit bibliotek.

– Eg trur at det i det minste bør vere ei lokal forankring. Om ein ikkje forankrar eit bibliotek med folket som bur her, næringslivet og andre samfunnsaktørar, så får ein ikkje ei god løysing. Vi vil skape eit bibliotek som gjer at folk får lyst til å gå dit, eit areal folk kan vere stolt av, ein sosial møtestad. Difor er det godt å få vere ein del av denne verkstaden, og å få vere ein del av denne prosessen. Det er ei stor ære, seier Aat Vos.

Slik ser Bibliotøyen, eit barne- og ungdomsbibliotek i Tøyen bydel i Oslo, som arkitekt Aat Vos (biletet) har vore med i prosessen kring. Det er nettopp eit slikt litt annleis bibliotek Ulstein kommune ønskjer. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.