– Vi har gode besøkstal frå regionen. Men, med ønskje om eit endå større utval av butikkar, og Arena Ulstein som snart er på plass, er det naudsynt med dei oppgraderingane vi no skal gjennomføre, seier senterleiar Diana Moldskred.

Dei tre nye leigetakarane i senteret blir Vivo, Bizarre og Pernilles Clinique. Sistnemnde med ein stad for mindre behandlingar, i tillegg til hovudlokalet der det held hus i dag. Men, før dei to sistnemnde kan opne sine butikkar, skal senteret gjennom ein stor transformasjon. Eigarselskapet til Blåhuset, Ulsmo, har nemleg store planar for å ytterlegare vitalisere det kjende og kjære kjøpesenteret i hjartet av Ulsteinvik. Det blir sett i verk ei ombygging som skal vere ferdig i oktober.

– Vi har over ein periode no hatt nokre lokale ledige, og plutseleg såg vi at nokre av butikkane hadde andre planar, slik vi kunne frigjere meir areal. Då såg vi moglegheita til å gjere ei ombygging

Vil betre kundeflyten

Nybygget, utvidinga av Blåhuset, kom i 2007. Men, det som fungerte då, fungerer ikkje så godt no i dag, seier Ulstein.

– No er vi komne åtte år vidare frå den gongen, og vi har fått nye tankar om kva som gjer seg best no for tida. Etter ombygginga vi no har bestemt oss for å gjere, skal vi ikkje lenger har krinkelkrokar. Det har vi hatt, og det vil vi vekk frå no. Fokus no blir å betre kundeflyten og å styrke andre etasje i bygget.

Ingerid Ulstein fortel at sentereigarane føler dei har ein god inngang på sørsida, men at inngangen mot nord, mot det som skal bli Arena Ulstein, må gjerast noko med.

– Her vil det kome på plass doble rulletrapper, slik at ein kan kome seg både opp og ned her. Då blir det enklare å kome seg både opp og ned der ein måtte ønskje det. Med det trur eg vi får meir nøgde kundar, som får bevege seg slik dei vil rundt i senteret, seier Ulstein.

Vil opne opp

Ein annan del av ombygginga blir å gjere om på området med dei tomme lokala etter Sunt & Nam, og heller opne opp og skape eit vrimleareal. Då får butikkane mykje meir kontakt med kvarandre.

– Vi ønskjer no at senterforeininga skal slå hovuda sine saman for å tenkje ut korleis vi kan nytte dette vrimlearealet på best mogleg måte, seier Ingerid Ulstein.

Ein får opna mykje meir opp i andre etasje, ved at ein mellom anna får meir lys gjennom vindauga som har vore dekte til tidlegare, seier Ulstein.

– Dette trur eg kjem til å styrke andre etasje. Vidare derifrå vil vi ha større handlingsrom til å setje saman denne etasjen på ein betre måte.

Gler seg til å flytte inn

Før sommaren er altså tre nye butikkar bekrefta innflyttingsklare, men dei tre vil kome inn på ulike tidspunkt. Geir Knotten og Vivo er allereie på plass, og opnar for sal så snart som mogleg. Knotten flyttar frå Amfi til Blåhuset, der han før dreiv bokhandel, men også sal av musikkinstrument, hobbyartiklar og gåver. No tek han med seg musikkinstrumentutsalet og sal av hobby- og gåveartiklar, under Vivo-namnet, og flyttar inn på Blåhuset.

– Vi måtte ha eit større lokale enn det vi fekk tilbydt der vi var før, og lokaliseringa var endå litt betre. Vi har fått flytta inn relativt raskt, og storgler oss til dette, seier Knotten.

Turid Hofseth, som har drive motebutikken Bizarre i frittståande lokale i årevis, gjer no grep for å utvikle drifta vidare. Etter at ombygginga på Blåhuset er ferdig flyttar ho butikken sin inn i lokala der Tilbords heldt til tidlegare.

– Eg vil prøve å ha meir fellesskap med andre butikkar, treng meir plass, og vil bli meir synleg. Eg er kjempespent på dette, seier Hofseth.

Ingrid Dybhavn, eigar og dagleg leiar ved Pernilles Clinique, fortel at ho ønskjer å flytte delar av sine forretningsområde inn på Blåhuset.

– Vi ønskjer å gi eit betre og utvida tilbod til kundane våre. Vil tilby drop-in-behandlingar og lunsjbehandlingar. Det blir eit litt utvida spekter innan sal og lettare behandlingar som manikyr, farging og forming av bryn, samt handbehandling.

Ny kafé

Blåhuset har også klart eit nytt konsept for ein ny kafé i andre etasje. Her etterlyser Ulsmo-direktøren og senterleiar Diana Moldskred drivarar.

– Kafélokalet skal bli mot sør i bygget, med fin utsikt. Vi har eit konsept som heiter «Pastabakeren», som verkeleg har lyst til å etablere seg hos oss, men vi treng dyktige folk til å drive denne kafeen. Vi treng eit anna kafékonsept, i tillegg til det vi har gjennom Valaker i første etasje, seier Ingerid Ulstein og Diana Moldskred.

Kring dei to attståande areala er det også registrert interesse.