I desember i fjor blei det kalla inn til ekstramøte i samfunnsutvalet i Ørsta kommune. På saklista var byggjeprosjektet som føregjekk i Ivar Aasen-gata 10 A, eller det tidlegare Nordea-bygget.

Slik beskreiv Møre-Nytt saka den gongen:

«Det tidlegare Nordea-bygget er under påbygging, og no vert det sett opp glasfasade på heile bygget. Og det er dette saka handlar om. I dispensasjonen som vart gjeven av politikarane i samfunnsutvalet var det sett vilkår om at fasadane på bygget skal vere lyse, i samsvar med kommunen si målsetjing om «den kvite byen» – og i samsvar med tettstadsanalysen frå 1999. Altså: kommunen meiner bygget til Rebbestad og Mork skal ha lys fasade, men no vert bygget kledd med glas. Og det likar ikkje kommuneadministrasjonen. Denne veka gav teknisk sjef stoppordre for byggjeprosjektet.»

«Fullstendig skivebom» meinte Georg Grimstad.

- Å gje byggjestopp er den største slegga ein kommune kan ha i byggjesaker. Det er ekstra gale når dette kjem i ein kritisk fase då ein er i ferd med å tette bygget, sa arkitekt Grimstad i Bucci Arkitektur & Design til Møre-Nytt like etter det blei gitt stoppordre.

- Svært overraska

Tysdag denne veka vedtok eit samrøystes samfunnsutval i Ørsta å gi Bucci Arkitektur & Design 50.000 kroner i lovbrotgebyr for korleis fasaden på Nordea-bygget blei.

Framstegspartiet-politikar Inge Kolås sa ifølgje Møre-Nytt dette under samfunnsutvalsmøtet:

- Der var ein viss form for arroganse som var stor då dei heldt på. Hadde dei søkt om å få glasfasade hadde dei truleg fått det, men dei gjorde det utan løyve, og då er det rett og rimeleg at dei får dette gebyret.

Denne utsegna og det faktum at selskapet no får 50.000 kroner i lovbrotgebyr, forundrar dagleg leiar i Ulsteinvik-baserte Bucci Arkitektur & Design, Iver Olaf Grimstad.

- Kvar låg arrogansen? Det Kolås seier meiner eg usant. Eg får inntrykk av at han har fått dårleg informasjon, for rammeløyvet var gitt, og teikningane vi sendte inn var godkjende. Dette forstår vi lite av. Heile denne saka er hengt på bi-setninga som kom fram då dei laga vedtaket om rammeløyvet. Det skulle vere lyse fasadar i forhold til målsetjinga om Ørsta som «den kvite byen». Dette er ei setning som kan forståast på mange måtar, og det er her stridens kjerne ligg, seier Grimstad og legg til:

- Om her var altfor mykje glas, burde dette kome fram på ein konkret måte, langt tidlegare. Vi tolka det dit hen at det var områda utanom glasfasaden som skulle vere lyse. Vindauga er ikkje mogleg å gjere lyse. Vi har følgt kravet om ein lys fasade, med kvite murar utanom glasfasaden, meiner vi.

Grimstad trur det blir å betale bota, men meiner ho er gitt på feil grunnlag.

- Vi trudde ballen blei lagt død, men no viser det seg altså at vi blir ilagt ei bot, noko vi er overraska over. Så får vi sjå korleis vi tek dette vidare, seier Iver Olaf Grimstad.