Den 25 år gamle og 45 meter lange fiskebåten Stålegg har vore arbeidsplassen til ti tilsette i årevis, og såleis vore ein av Kvamsøy sine viktigaste arbeidsplassar. No vurderer eigarane sterkt å selje båten. Det skriv Nett.no.

Det er reiar Kenneth Beitveit, som eig båten i kompaniskap med brørne Idar og Ronny. Kenneth eig 40,27 prosent av Beitveit Havfiske, medan dei to andre deler resten likt. Om båten blir seld kan det vere trioen satsar på noko nytt.

- Vi får sjå. Først må vi få salet i orden. Om det ikkje går, så vil vi halde fram drifta som før, seier Kenneth Beitveit til Nett.no.

Det skal vere stor interesse knytt til kvotene til Stålegg, men også for sjølve båten.