Hareidlandet baud på strålande sol denne formiddagen medan dei omlag 100 gjestane gjekk ombord i diamantskipet for å markere overleveringa. Både eigarane i rederiet Debmarine Namibia , som er ein del av diamantutvinningsgiganten De Beers og representantar frå Kleven Verft, i tillegg til andre underleverandørar og viktige samarbeidspartnerar tok del i sermonien.

Feiring i Geirangerfjorden

Frå Dimo-kaia på Hareid gjekk ferda vidare til Geirangerfjorden, der det skulle vere sermoni ved dei sju systre. Sjølv om dette var ein overleveringssermoni og ikkje ein skipsdåp skulle det likevel feirast.

- Ja, ei flaske skal knusast og «Ja, vi elsker» skal syngast, kunne Kleven sin kommunikasjonssjef Ellen C. Kvalsund informere om.

Ein kunne observere mange blide ansikt på Dimo-kaia på Hareid medan skipet vart klargjort for avgang. Blant dei var ein tydelig fornøgd Asbjørn Vattøy som har vore prosjektleiar for Kleven på dette skipet.

- Sjølv om vi har bygd liknande skip før, så er dette likevel spesielt fordi Kleven aldri før har bygd skip til dette formålet, sa Vattøy.

Ny marknad for Kleven

Skipet skal nemleg operere på den namibiske kysten der det skal utvinne diamantar på havbotnen.

- Dette, utvinning på havbotnen, er eit heilt nytt segment for Kleven, sa Kvalsund.

Dessutan er det ikkje berre diamantar ein kan utvinne frå havbotnen, mange andre mineral er også å finne der.

- Det er absolutt eit spennande marked å kome inn i, la ho til.

Utvinningsklar over nyttår

I løpet av juni månad kjem skipet til å gå ut av kaia på Kleven med retning Cape Town, Sør-Afrika. Skipet har ei sterkt lokal forankring i at det er designa av Marin Teknikk i Dragsund og bygd på Kleven Verft. I Cape Town skal heile 2000 tonn ekstra utstyr installerast for å mogeleggjere leiting etter diamantar på havbotnen.

Planen er at skipet skal vere klart til bruk over nyttår. Då blir det offisiell skipsdåp før SS «Nujoma» kan ta fatt på oppdraget å utvinne diamantar på havbotnen på kysten av Namibia.

Ved dei sju systre var det overleveringssermoni. Foto: Ellen C. Kvalsund