Sebastian AS i Ulsteinvik startar selskap i Kina. Fellesføretaket vil i første omgang få fire fem tilsette og skal drive både med sal og operativt arbeid. Dette melder Sebastian i ei pressemelding.

– Dette er tida for å satse, insisterer dagleg leiar Johannes Kristian Bjøringsøy. I mars i 2015 opna Sebastian kontor i Brasil.

Sebastian har arbeidd med Kina-planane i eitt år. No har Bjøringsøy signert kontrakt med kinesiske samarbeidspartnarar om å starte eit joint venture-selskap i Shanghai. Med basis i kontorfasilitetane her vil Sebastian China CO., LTD drive både salsaktivitet og operativt arbeid; konsulenttenester og testing om bord i båtar. Sebastian China har ansvar for Kina, Hongkong, Macau og Taiwan.

Mannen som skal leie kontoret, Jiang Yong («Bill»), er på plass, og prosessen med å tilsette fire-fem konsulentar er i full gang. Bill er kinesar, men har arbeidd i Norge tidlegare. Han vart utplukka av dei kinesiske samarbeidspartnarane til Sebastian:

– Bill forstår den norske tenkjemåten. Dessutan er han ein flink seljar – som får kundane til å opne seg, fortel Bjøringsøy.

Enorm marknad

I april var han på ei 14-dagars marknadsføringsreise saman med Bill rundt om i Kina og besøkte ei rekke verft og reiarar. Han er optimistisk med tanke på den kinesiske marknaden.

– Idéen om å satse i Kina no kom litt rekande på ei fjøl. Det var kinesarane som tok kontakt med oss. Men det er ein medviten strategi i Sebastian at vi skal ut. Det gjeld å finne dei rette samarbeidspartnarane. Vi har tru på framtida. Kina er eit stort og folkerikt land - og ein enorm marknad. Det er mange som byggjer båtar der. Dei siste åra har det nesten vore umuleg å få til noko for oss i Kina på grunn av store reisekostnader. Men vi har sett at fleire store konkurrentar har etablert seg i landet, og då må vi følgje opp.

Tenkjer langsiktig

– Det kan sjå rart ut at vi satsar i Kina når tidene er så dårlege som no, særleg i vår bransje. Men det kan vise seg at det var genialt, mediterer Johannes Kristian Bjøringsøy.

Optimismen hos Sebastian-sjefen er ikkje minst grunna i den kinesiske filosofien om dei lange historiske linjer:

– Samarbeidspartnarane våre tenkjer langsiktig. Det har vi i Sebastian også alltid gjort.

I mars 2015 oppretta Sebastian kontor i Rio de Janeiro, Brasil. Der har bedrifta tent pengar. Overskotet er ikkje stort, men Bjøringsøy er nøgd med bakgrunn i at mange norske aktørar har tapt pengar i landet det siste året. Nedgangen innan olje og gass har råka heile verda, og i Brasil er det statlege oljeselskapet Petrobras særleg ille ute på grunn av korrupsjonsskandalar. Både selskap og underleverandørar er ramma av ei lammande avgjerdsvegring på grunn av frykta for skuldingar om korrupsjon. I tillegg har Brasil ei politisk krise ettersom den valde presidenten Dilma Rousseff er avsett og inne i ein prosess med riksrett. – Vi opplever at vår mann i Brasil har klart å opparbeide tillit i marknaden, og at vi slik byggjer stein på stein, seier Bjøringsøy.

Optimist

Men vanskane i offshore har råka Sebastian her heime, og Bjøringsøy trur ikkje nedturen er over. Han ser likevel fleire lyspunkt.

– Vi er optimistar fordi vi har ting på gang som eg trur vi vil sjå konkrete resultat av seinare i år. Og så vil Sebastian China gi oss eit løft, smiler han.

Med 20 års erfaring innan olje og maritim industri har Sebastian samla opp kunnskap over ein brei skala. Teamet i selskapet har omfattande erfaring frå arbeid på verft, mobile offshoreinstallasjonar og om bord i skip. I det heile kan selskapet skilte med ein kombinasjon av ingeniørkunnskap og kapteinserfaring som garanterer for ein påliteleg og effektiv gjennomføring av FMEA-tenestene (Failure Modes and Effects Analysis), som er eit av Sebastians hovudområde.

Sebastian AS vart etablert i 1994. Selskapet har i dag åtte tilsette. Dagleg leiar er Johannes Kristian Bjøringsøy. Hovudkontoret ligg i Ulsteinvik sentrum. Sebastian har spesialisert seg på teknisk og operasjonell kompetanse knytt til system på avanserte offshorefartøy og mobile offshoreinstallasjonar.

«Xi Bassa» er det kinesiske namnet som Johannes Kristian Bjøringsøy fekk tildelt og visittkortet er klart.