Dette melder nett.no. Ordreinngongen er så langt relativt lik for same periode i 2015. Om ein samanliknar med 2014 derimot, er det snakk om halvering av ordreinngongen.

Kleven, Vard og Ulstein hadde dei fleste nybyggingsordrane i 2014. Slik var det i fleire år fram til oljepris fell. No er det fleire mindre og mellomstore verft som får nybyggingsoppdrag. Så langt er det snakk om åtte skip til ein totalverdi på 5,7 milliardar kroner, i følgje i følgje tal frå bransje- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft. I tillegg har Larsnes Mek. Veksted sikra seg i tillegg to nye kontraktar for mellomstore fiskebåtar. Med dette anslår nett.no at den samla ordreinngongen for norske verft er på rundt seks milliardar kroner så langt.

Av dei åtte kontraktene på Norske Skipsverft si liste er det tre brønnbåtar. To av dei ved Kleven-verftet Myklebust Verft og ein ved Havyard.

Vard Søviknes byggjer havgåande fiskebåt for Havfisk og Fiskerstrand byggjer ny ferje for Boreal.

Kleven skal byggje kabellelggjar for ABB, og har nyleg sikra seg kontrakt med Hurtigruten om bygging av to nye skip.

På toppen kjem dei to fiskebåtane Larsnes Mek. skal byggje for to fiskebåtreiarlag i Nord-Noreg.

Utsette leveringar- Dei store lokomotiva slit både med ordreinngangen og avsetning av ferdigstilt tonnasje, seier administrerande direktør Asle Strønen i Norske Skipsverft om situasjonen i marknaden til nett.no

Han seier vidare at problem ved reiarlag gjer at mange leveringar i beste fall vert utsett.

Vard og Kleven melder båe to i reknskapsrapportar om kontraktar som går i vasken. Vard går på ein smell på grunn av kansellering av bygging av skip for Rem Offshore, og Kleven har fått eit konstruksjonsskip i fanget etter at den malaisiske kunden mislegheldt avtalen.

Pluss for dei mindreAv skipsverfta som har lagt fram reknskapen sin for 2015 så slit alle dei store (Kleven, Vard og Ulstein) med store underskot.

Optimismen er større og resultata positive hjå dei mindre som Larsnes Mek og Vegsund Slip.

- Det ser slett ikkje så verst ut. Spesielt innanfor bygging av nye fiskebåtar er det stor etterspørsel, sa administerande direktør Jarle Gunnarstein ved Larsnes Mek. til nett.no tidlegare i sommar.

Administrerande direktør Asle Strønen i Norske Skipsverft meiner denne vurderinga stemmer for andre verft i same storleik.

- Dei har jamt over ein tilfredsstillande likviditet og botnline, seier Strønen til nett.no.