Med det meiner Havyard at dei stadfestar sin posisjon i den nye vindmøllemarknaden.

- Offshorevindmølleindustrien vil vekse både i Europa og resten av verda. Havyard Group leverte det første spesialbygde fartøyet til denne marknaden og vi fortset å utvikle og levere spesialtilpassa skip til produksjon av fornybar energi. Med levering av det tredje vindmølleskipet på vel eitt år har vi fått eit godt fotfeste i ein komande og veksande marknad, seier Sales Manager i Havyard Design & Solutions, Gisle Vinjevoll Thrane, i ei pressemelding frå selskapet.

Skipet vert overlevert fra Havyard Ship Technology i Leirvik denne veka, til det danske reiarlaget Esvagt, som er ein av pionerane i offshorevindmølleindustrien. Chief Operating Officer i Esvagt, Kristian Ole Jakobsen, seier at på deira veg til ein sterk posisjon i offshorevindmølleindustrien har det blitt gjort mykje utviklingsarbeid.

- Vi har utvikla eit heilt nytt konsept innanfor eit område som var heilt nytt. Det har vore utfordrande. Men med ein miks av Havyard og Esvagt sin kompetanse, så har vi kome godt ut og sett ein ny standard, seier Kristian Ole Jakobsen.

Gode resultat for båten

Havyard 832 SOV er nok eit resultat av denne standarden. Skipet har spesialisert landgangssystem som gir vindmølleteknikarane ein trygg og stabil veg fra skip til vindmølle, sjølv under tøffe vêrforhold. Det er også lagt vekt på gode fasilitetar og komfort om bord.

Havyard legg mykje arbeid i utforminga av skrog, og Havyard 832 har eit forskip som er designa for å ha gode eignskapar både i roleg og røff sjø. I tillegg er akterskipet utstyrt med twin skeg, to kjølar, som forbetrar ytinga til skrog og propellar. Utforminga av skrog og framdriftssystemet gjer at Havyard 832 SOV får eit svært lågt forbruk av drivstoff og gode resultat både når det gjeld driftsøkonomi og miljø.

Havyard 832 SOV er bygd ved Havyard Ship Technology i Leirvik, Havyard Design & Solutions har levert design og arbeidsteikningar og Havyard Power & Systems har blant anna levert elektroengineering, automasjons- og alarmanlegg og Havyard Concept Bridge.

Ut på langtidskontrakt

For Havyard Ship Technology er vindmølleskipet til Esvagt bygg nummer 125. Seinare i haust skal verftet i Leirvik levere to isbrytarar til russiske Femco. Til våren ventar overlevering av ein brønnbåt til Norsk Fisketransport. I tillegg blir det jobba med å skaffe fleire kontraktar både på nybygg, ombyggingar og reparasjonar, og ein er optimistiske med tanke på nye kontraktar for verftet.

Det nye vindmølleskipet skal ut i arbeid for Statoil i ei langtidskontrakt med Dudgeon Ltd på servicetenester til den heilt nye Dudgeon vindmøllepark utanfor kysten av Norfolk i Storbritannia. Statoil og Statkraft bestemte seg for å starte bygginga av havvindparken i 2014, og det er planlagd full produksjon mot slutten av 2017. Dudgeon havvindpark vil ifølgje Statoil levere fornybar energi til omkring 410.000 britiske heimar.