Windea La Cour er eit av to serviceskip Ulstein Verft leverer til BS Offshore, men det er Siemens som skal nytte det til arbeid i offshorevindmølleparken Gemini utanfor Nederland. Det nemnte skipet blei overlevert i slutten av juni i år.

Ulstein Group er til stades under oljemessa ONS i Stavanger frå og med måndag, og i og med at det var under ONS for to år sidan at Ulstein lanserte sitt revolusjonerande hekk-design X-Stern, har verfts- og designkonsernet lagt ut videoen du kan sjå i toppen av denne saka, på sine sider, og på videostrøymingtenesta Vimeo.

Det spesielle med X-Stern-hekken er at skipet med denne designløysinga blir i stand til å bryte bølgjene svært godt, også når skipet bakkar. Under testar på fjordane kring Hareidlandet bad BS Offshore spesifikt om å få testa farta på skipet då det bakka. Heile 12,1 knop kom det opp i, mot 13,95 knop framover. Altså berre ein forskjell på rundt to knop.

Video: Med løyve frå Ulstein Group. (Videoen er teksta på engelsk).