Havyard-verftet i Leirvik ser mot nye marknadar. Ein av marknadane kan bli å transformere om skip som inntil for kort tid sidan gjekk i oppdrag som supplyskip, til skip som kan frakte fisk. Det skriv Sysla/Maritime.no.

- Det ligg ein heil del masse ubrukt tonnasje rundt omkring i norske fjordar. På ein eller annan måte må desse båtane i sving igjen, seier Trygve Solaas, viseadministrerande direktør i Havyard Ship Technology, til maritime.no.

100 millionar per skip

Per i dag ligg rundt 100 norske offshoreskip i opplag, og kring halvparten er supplyskip.

- Vi har rekna på det, og ser føre oss at vi kan bygge eit standard forsyningsskip om til ein godt utstyrt brønnbåt på kring 2.000 kubikk for rundt rekna 100 millionar kroner, seier Solaas til nettstaden.