På Vatne i Haram kommune er eit stort omsorgssenter med heile 70 bebuarrom under oppføring. 65 omsorgsbustader, samt fem litt større eldrebustader. Det er entreprenøren Ålesund Bygg som set opp det 7.000 kvadratmeter store lågenergibygget, som er smekkfullt med avanserte tekniske løysingar, både inni og utanpå.

– Det er stilt store krav til mellom anna vegger og vindauge. Veggane i bygget er difor 50 centimeter breie, seier Pål Erik Sand i Ålesund Bygg til Vikebladet Vestposten.

Sand og Ragnar Moe Tafjord, dagleg leiar i Hareid-baserte Klar Energy AS, tek så underteikna med på ein luftig tur. For på taket av dette praktbygget ligg nemleg kanskje det mest spanande med heile prosjektet, eit glimt av framtida for mange slike bygg kring om i Norge. Eit godt over 1.000 kvadratmeter stort solcelleanlegg, fordelt på 606 solcellepanel. Til saman produserer desse enorme 150.000 kWh straum i året. Også solkollektorar vil bli montert på taket.

– Dette er heilt klart eit framtidsretta bygg, og solcelleanlegget på taket er praktisk tala toppen på kransekaka, seier Pål Erik Sand.

– Godt samarbeid

Ålesund Bygg er stornøgd med jobben Klar Energy har gjort, og produktet dei har fått på plass på taket.

– Det har vore eit godt samarbeid heile vegen. Det har vore ein krevjande jobb, men vi har hatt ein god dialog, og dette har gått veldig bra, seier Sand og legg til:

– Vi har hatt eit godt samarbeid med HM Elektro og morselskapet Hareid Group, og visste at det berre var dei som hadde dei kunnskapane vi trengde på dette feltet. Det var godt for oss å heilt frå tidleg i prosessen vite at solcelleanlegget og monteringa av det var i trygge hender, seier Pål Erik Sand.

Første eksterne anlegg

Dagleg leiar i Klar Energy, Ragnar Moe Tafjord, fortel at prosjektet på Vatne har vore både utfordrande og særs spanande på same tid.

– Her set ein opp eit bygg med mange nye teknologiske løysingar, der våre solcellepanel finn ein naturleg plass blant desse løysingane, og skal levere fornybar energi for å stette varmebehovet til huset. Vi trur at solceller kjem til å inngå i mange byggeprosjekt framover i tid, og vi er stolt av å kunne levere eit slikt anlegg til eit bygg der ein verkeleg har satsa på framtidsretta løysingar. Det er også ei stor ære å levere vårt første eksterne anlegg, seier Moe Tafjord.

For både på Rørservice Ulsteinvik sitt bygg i Saunesmarka og på nybygget til Hareid Group på Raffelneset har nemleg selskapet levert solcelleanlegg.

Svært energieffektivt

Kvart av dei 606 panela som no er montert på taket yt heile 290 watt. Klar Energy ser føre seg at anlegget vil gi best levering av straum i sommarmånadane mai og juni, men alle klardagar mellom april og september vil gi god straumforsyning. 20 kilowatt går med til å varme ein kvadratmeter av det fem etasjar og 7.000 kvadratmeter store bygget per år.

– Det er veldig lite. Dette bygget blir eitt av dei mest energieffektive bygga i landet, og straumen frå solcellepanela vil stette dette behovet og vel så det, seier Pål Erik Sand og Ragnar Moe Tafjord.

Klar Energy har også fått støtte med Innovasjon Norge på sin veg til å bli ein leverandør av løysingar for fornybar energi, medan Ålesund Bygg har fått støtte frå Enova i oppføringa av lågenergibygget.

Stor interesse

Moe Tafjord kan også avsløre at Klar Energy opplever stor interesse for produkta dei tilbyr.

– Vi har hatt besøk frå fleire aktørar, store aktørar, som ønskjer å få vite meir om løysingane våre. Fleire har vi også gått i dialog med kring konkrete prosjekt, som dei ønskjer vi skal sjå og rekne på. Vi har også fleire prosjekt som vil materialisere seg lokalt.