Kystvakta får skifta ut dei tre eldste fartøya i flåten tidlegare enn planlagt. Kontrakten skal gå til norske verft og industribedrifter, slår statsminister Erna Solberg (H) fast.

– Det er eit viktig signal til norsk verftsindustri at det kjem ein så stor kontrakt frå staten. På same tid kan vi få bygd fartøya billigare no enn for tre-fire år sidan. Då stod prosjekta i kø, no er det ledig kapasitet, seier Solberg til NTB.

Saman med finansminister Siv Jensen (Frp) og forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H) besøkte ho torsdag Haakonsvern. Om bord på KV Andenes blei nyheita sloppe om kva Kystvakta har i vente i statsbudsjettet som kjem til veka.

– Fantastisk dag

Dei tre nye fartøya skal erstatte dei tre eldste til Kystvakta, som i dag er rundt 35 år gamle. I hovudsak skal dei segle i vernesonen rundt Svalbard, Barentshavet og det nordlege Norskehavet.

– Dei tre fartøya Senja, Andenes og Nordkapp er heilt på tampen av levetida. At vi no får erstatta dei, er vi kjempenøgde med. Det er ein fantastisk dag, seier kystvaktsjef Sverre Engenes til NTB.

Rundt fire år anslår ein det vil ta frå kontraktane er signert til skipa står klare. Det er venta at prisen vil liggje ein stad mellom 1,5 og 2 milliardar kroner per skip.

– Heilt nødvendig

Dei tre nye skipa er helikopterberande, havgåande fartøy. Dei skal også kunne bryte is, noko berre eitt av dei tre eldste skipa til Kystvakta er godkjent for i dag.

– Det aukar omfanget til desse fartøya. Ved å slå saman nyskaffingane til éin, kan vi byggje tre like fartøy. Det betyr mykje, blant anna for øving av mannskap, seier forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H).

– Det er heilt nødvendig å skifte ut dei gamle fartøya for å kunne vareta suvereniteten og utøving frå styresmaktene i eit stadig meir komplisert sikkerheitspolitisk landskap, legg ho til.

Våren 2018

Sjølve proposisjonen vil først bli fremja for Stortinget våren 2018, eit halvt år etter stortingsvalet. Men vedtaket blir i realiteten fatta når budsjettet blir vedtatt i haust. Der vil det liggje middel til prosjektering, men kor mykje det er snakk om, vil ikkje finansministeren røpe.

– Det får de vite torsdag i neste veke. Men det er ikkje tvil om at Forsvaret får heilt nødvendige midlar til å ruste seg opp, seier Jensen.

Forsvarsministeren seier vidare at ho har «tjuvstarta», blant anna ved allereie å ha tatt kontakt med aktuelle verft.

– Når vi går til Stortinget proposisjonen våren 2018, vil alt arbeidet vere gjort. Vi sparar om lag seks månader på å gjere det sånn, seier ho.