Spenncon Hjørungavåg skal levere betongelement til nybygget på Amfi Moa Syd. Det blei klart etter at verksemda i skarp konkurranse med andre leverandørar, til slutt vann anbodet.

Spenncon i Hjørungavåg har altså no fått ein ordre på levering av prefabrikkerte betongelement til det enorme prosjektet, der det ein i lengre tid har kjent som Amfi Moa Gård skal knytast saman med Amfi Moa Syd, gjennom eit prosjekt med arbeidstittelen Amfi Moa Syd - nybygg. Både bygningsmassen og gangbrua mellom dei ulike bygningane skal Spenncon levere betongelement til.

Det er Consto Nordvest AS som er totalentreprenør på byggeprosjektet.

Siste levering i juni 2018

Prosjektet inneheld blant anna 34.000 kvadratmeter holdekke og beresystem i betong og stål - totalt 20.000 tonn betongelement. Prosjektet har planlagt montasjestart medio April 2017 og planlagt ferdig montert i juni 2018. Dette er eit viktig og ikkje minst svært gledeleg prosjekt for Spenncon Hjørungavåg, kan regiondirektøren fortelje.

- Med dette går Spenncon Hjørungavåg 2017 i møte med ein rekordhøg ordrereserve, og vi har rundt 60 prosent belegg i vår fabrikk for 15 månadar framover, seier Jarl Sandnes, regiondirektør for Spenncon Region Nordvest.

Sandnes fortel at Spenncon har jobba hardt for å sikre seg dette prosjektet.

- Dette er noko vi har jobba med i lengre tid. Vi har framleis kapasitet til å ta på oss fleire oppdrag, men det er veldig gledeleg for oss å ha dette i botnen. Vi har allereie starta på designarbeidet, og sjølve produksjonen vil vi byrje på i mars. Levering blir frå i midten av april og fram til i juni 2018.

- Svært positivt

Ordrereserven er som sagt rekordhøg, noko som gagnar både dei tilsette og regionen elles.

- Dette er sjølvsagt svært positivt for oss, men også for mange andre. Prosjektet vil vere med på å sikre mange arbeidsplassar, og kan også etter kvart bidra til at vi må auke drifta, og kanskje tilsette fleire. Dette er ein av dei største ordrane vi har hatt om ein tenkjer på produksjon, seier Jarl Sandnes til slutt.