- Bakgrunnen for prosjektet er at hurtigbåtar er ekstremt lite energieffektive. Dei nyttar meir drivstoff per passasjerkilometer enn eit fly. Det er eigentleg ganske sprøtt. Reint energiøkonomisk hadde det altså vore meir effektivt å flyge frå Hareid til Ålesund enn å køyre hurtigbåt, gitt at det var flyplassar på begge stadane. Prinsipielt burde det ikkje vere slik. Eg og dei eg samarbeider med har sett på kva som finnast av teknologi for å redusere drivstoffforbruket, og meiner vi har funne ei løysing som kan fungere, seier John Martin Kleven Godø (26) til Vikebladet Vestposten.

Det var Teknisk Ukeblad som først omtalte saka.

"Flapping Foil"

John Martin har nyleg vore heime i Ulstein på juleferie, men om ikkje lenge går turen tilbake til Trondheim og NTNU, der han er doktorgradsstipendiat.

Ideen som John Martin fekk, som har fått arbeidstittelen "Flapping Foil", blei til under arbeidet med masteroppgåva hans, som han leverte i vår ved Institutt for marin teknikk ved NTNU. Saman med professor Sverre Steen, som har vore rettleiar for John Martin og samstundes er medoppfinnar, har han jobba vidare med ideen.

- Det har vist seg å koke ned til to problem. Ein hurtigbåt slik den er forma i dag møter stor motstand i vatnet, og har veldig lite effektiv framdrift. Det å løfte ein båt ut av sjøen med nedsenka vingar (foilar) har vore gjort før, og var vanleg før i tida, men dette finnast nesten ikkje lenger på båtar i drift i dag. Dette var mest båtar som vart produsert først på 1950-1960 talet. Alle dei båtane fekk ned motstanden til ein brøkdel av den motstanden dagens båtar møter. Det er eigentleg litt spesielt at desse løysingane har forsvunne, men vi meiner det kan vere på sin plass å få dei tilbake, i kombinasjon med innovativ framdriftsteknologi, seier John Martin Kleven Godø og legg til:

- Om ein hadde henta fram igjen slike nedsenka vingar (foilar), hadde det framleis ikkje vore godt nok med dagens standard framdriftssystem. Om du har 50 prosent virkningsgrad, slik dagens framdriftssystem har, har ein rota vekk halvparten av energien. Det er litt som om hjula på ein bil skulle slukt halvparten av energien frå motoren. Det vi har prøvd på er å løyse problemet med motstanden, og samstundes fikse problemet med låg verknadsgrad.

Inspirert av delfinar

Godø og dei andre som jobbar med "Flapping Foil" har tatt utgangspunkt i naturen, og sett på halefinnerørsla til delfinane og kvalane.

- Det som er så fascinerande er at verknadsgraden til ein av dagens propellar er på skarve 50 prosent, medan verknadsgraden til ein delfinfinne er målt til å vere på over 90 prosent. Om ein får på plass eit framdriftssystem ved bruk av "Flapping Foil", kan det redusere behovet for energi med så mykje som 30-50 prosent, seier John Martin Kleven Godø.

Kleven Godø ser altså føre seg ein foil som både får båten opp av vatnet og som pressar båten framover i same rørsla. Testar av små prototypar har så langt vore vellukka.

- Vi har blant anna søkt på patent kring måten finnen (foilen) fungerer. Til sommaren har eg eit håp om at vi har funne ut kva vi vil gå for, slik at ein kan komme i gang med å teste og utvikle i endå større skala, seier han.

40 knop

NTNU Technology Transfer (TTO), ved Fredrik Storflor Moen, jobbar no saman med John Martin for å løfte teknikken over til kommersialisering. Godø og NTNU TTO har til samarbeidd tett med eit design- og ingeniørselskap for å lage eit konseptfartøy. Dette konseptfartøyet vil kunne oppnå ei hastigheit på 30-40 knop. Det vil vere 40 meter langt og truleg ha plass til 200-300 passasjerar. For å kunne legge til kai får båten thrusterar i baug og akter.

- Ei liknande løysing, men utan framdriftsdelen i same del, er i bruk på nokre få båtar i Asia i dag, men det har vore ein svært kostbar sak. Med dagens lettvekt-material, som til dømes karbonfiber, kan ein produsere billegare, men samstundes solide løysingar, som kan konkurrere med stål.

Håpet er å få bygd ein fullskala prototype i løpet av nokre år, men før det er det mykje arbeid som skal gjerast.

- Vi har vore i kontakt og skal i møte med fleire norske verft som kan bidra med nyttig kompetanse i den vidare prosessen. Det er der vi tek til no over nyttår, så får vi sjå kor raskt dette går vidare, seier John Martin Kleven Godø til slutt.

Les også:

Seksargutane John Martin Kleven Godø gjekk ut av Ulstein vgs med 18 seksarar.

3 av 20 frå Ulstein For to år sidan var John Martin Kleven Godø med i Talentjakta.