2016 blir ståande som eit svært tøft år for mange i den maritime næringa, og kanskje spesielt for offshorereiarlaga. 2017 blir truleg også svært tøft, ifølge mange, inkludert administrerande direktør i Norges Rederiforbund, Sturla Henriksen.

– Dette er ei syklisk næring og 2016 gjekk frå vondt til verre. Diverre ser vi få lyspunkt for 2017. Men dette er ikkje slutten på historia. Det er umogleg å vite korleis maritim næring ser ut i framtida. Norge er ein av verdas største maritime nasjonar og ressursane i havet vil vere viktige for å sikre berekraftig vekst i verda i tida framover. Her vil det norske offshoremiljøet spele ei stor og viktig rolle, seier Henriksen.

Tidlegare Åge Remøy-eigde Rem er eitt av selskapa som til slutt måtte gi seg, og bli "slukt" av eit anna offshorereiarlag, Solstad. Så har ein også sett andre reiarlag slite tungt, mellom anna Farstad, som no er kontrollert av forretningsmannen Kristian Siem, Havila, Olympic og ikkje minst Ulsteinvik-baserte Island Offshore.

– Kan vi kome til å sjå fleire reiarlag som gir opp kampen for å overleve?

– Vi har allereie sett omstruktureringar og endringar på eigarsida i offshore-segmentet. Dette vil vi også sjå i 2017. Selskapsstrukturar vil også endre seg. Men, dette er kommersielle endringar som kvart enkelt selskap og eigar må ta, seier Henriksen og legg til:

– Dette er ein svært krevjande situasjon for eigarane, dei tilsette og lokalsamfunna, spesielt på Vestlandet, der offshore-segmentet er dominerande.

Følgjer med på situasjonen

Norges Rederiforbund følgjer godt med på situasjonen, og held kontakta med kvart enkelt reiarlag.

– Vi følgjer situasjonen tett og er i god dialog med reiarlaga, myndigheitene og den maritime næringa kring marknadssituasjonen. Vi er bekymra for at store delar av vår heimlege maritime verdikjede kan miste kompetanse og kapasitet på ein måte som svekkjer vekstkrafta og innovasjonsevna i det norske miljøet framover.

– Kva kan den norske regjeringa gjere ytterlegare for at ein skal kunne behalde norske arbeidsplassar innanfor den maritime sektoren?

– I framtida treng vi ein kombinasjon av lang erfaring og ung kreativitet, vi må ha kompetanse frå sjø, nye teknologiidear og ein vilje til å tenke utanfor boksen. Når både regjering og Arbeidarpartiet flaggar store ambisjonar for havrommet og den maritime næringa, gir det inspirasjon til mange bedrifter som står i krevjande omstillingar. Samstundes skapar det klare forventingar om at ambisjonane følgast opp av tydelege prioriteringar og praktiske grep i form av konkurransedyktige rammevilkår, seier Henriksen til slutt.