Det Ålesund-baserte reiarlaget, som har fleire tilsette frå Hareidlandet og omegn, klarer ikkje å betale det dei skuldar i forhold til eit obligasjonslån som skulle blitt innfridd i februar. Det skriv reiarlaget i ei pressemelding.

Det var 5. februar i 2012 at reiarlaget teikna eit usikra obligasjonslån, med forfall i februar 2017, på heile 400 millionar kroner.

Offshorereiarlaget slepp å betale renter og avdrag fram til i slutten av februar, og slepp også å betale skipsleie, medan leverandørar og handelpartnarar blir betalt som før.