– Vi reknar ikkje dette som vår båt, då den er eigd av eit amerikansk selskap, der vi er medeigarar, men at det er trasig at den har blitt liggande ved kaia på Ulstein Verft så lenge, det er det heilt klart, seier Håvard Ulstein til Vikebladet Vestposten.

Det heile 160 meter lange og 30 meter breie skipet vart sjøsett og ferdigstilt i 2015. Skipet har med andre ord vore klart i over eitt år allereie, og endeleg får det segle over mot USA. Det blir no overtatt av Island Ventures V LLC, som er eit samarbeidsselskap mellom amerikanske Edison Chouest Offshore og Ulsteinvik-baserte Island Offshore. Nøyaktig kven som eig mest i dette selskapet er ikkje oppgitt.

– Kven som eig mest i selskapet ønskjer eg ikkje kommentere. Men, det var godt å kunne få gjennomført leveringa no, sjølv om det var ei heilt standard levering. Men tid har det tatt. Det er veldig hyggeleg å endeleg kunne seie at den er levert, seier Ulstein.

Går om to veker

Praktskipet går ikkje frå Ulsteinvik før om tidlegast to veker, for først skal det gjennom ulike testar.

– Båten vil ligge i området, og det skal mellom anna testast ut kraner og ROV-system før den er heilt klar til avreise til USA, seier Håvard Ulstein.

Direktøren fortel at båten i første omgang skal segle til Mexicogolfen, der fartøyet skal i arbeid for ein ikkje namngitt oppdragsgjevar.

– Det blir eit korttidsoppdrag, men utover det ønskjer eg ikkje å kommentere kva som skjer vidare med skipet.

Bankane på bakbeina

Island Offshore har fleire båtar i opplag, og prosessen med å overlevere Island Venture har som Håvard Ulstein kommenterer tatt tid. Reiarlagsdirektøren forklarar sistnemnde med bankane å gjere.

– Det er ikkje berre Island Offshore, men mange andre reiarlag, som har sine utfordringar for tida. Vi har ei betre kontraktsdekning enn dei fleste andre reiarlag, men det betyr ikkje at det er smertefritt for oss heller. Vi er framleis i dialog med bankane om å strekkje avdraga. Slike forhandlingar er ikkje lette, men vi har trua på at vi skal komme oss gjennom det, seier Ulstein.