MS Roald Amundsen, som får ein kapasitet på 530 sengeplassar, og som skal ha eit mannskap på 150 personar, vil bli verdas mest miljøvenlege ekspedisjonsskip.

- Vi seglar i miljø som er sårbare, og vi er opptekne av å forvalte naturen rundt oss på ein god måte. Vi skal trass alt segle til stadar som Grønland, Arktis, Antarktis, Canada og Svalbard, sa konsernsjef i Hurtigruten, Daniel Skjeldam, til Vikebladet Vestposten under ein presseseanse torsdag.

Då hadde konsernsjefen nettopp fått den store æra av å trykke i gang sveiserobotane, som av konsernsjefen blei trukke fram som eit konkurransefortrinn, i sveisehallen til Kleven Verft. Med eit knappetrykk sette robotane i gong på dei første delane til ekspedisjonsskipet MS Roald Amundsen.

- Dette er utruleg gledeleg. Det er godt å komme i gang med eit prosjekt som betyr så mykje både for oss i Hurtigruten, men også for Kleven og norske skipsbyggingtradisjonar, seier Skjeldam.

Internasjonal merksemd

Kontrakten Kleven har med Hurtigruten omfattar også det neste skipet i rekkja, MS Fridtjof Nansen, samt ein opsjon på to skip til. Verdien på dei to første skipa skal vere på ein stad kring 1 milliard kroner per skip. Etter at kontrakten mellom Kleven og Hurtigruten var i boks har skipa fått enorm internasjonal merksemd, kan konsernsjefen fortelje.

- Designet, kombinert med dei grensesprengjande miljøvenlege løysingane og moglegheita for å segle lydlaust og utslippsfritt på batteri, gjer dette til eit prosjekt bransjen aldri har sett maken til, seier Skjeldam.

Mykje av stålarbeidet vil gå føre seg på Kleven i høve bygginga av hurtigrutene, og sveisehallen er difor omorganisert for denne jobben.

- 80 prosent av arbeidet blir gjort av Kleven, her ved Kleven Verft, seier Skjeldam.

Miljøvenlege

Skipa blir konstruert slik at det blir sett av rom for fleire batteripakkar, som kan ettermonterast, eller gjerast om på, alt etter kva teknologi som finnast på marknaden.

- Skipet skal etter kvart få større og større seglingsdistanse, lydlaust og utslipsfritt. Det er målet vårt, seier Daniel Skjeldam.

Også sjølve skipshotelldrifta vil dei innovative løysingane om bord sørgje for at blir heilt i ypparste verdsklasse.

- Både når det gjeld varmegjenvinning og energieffektivisering vil det vi vil få sjå om bord i MS Roald Amundsen vere på eit nivå vi aldri tidlegare har sett, seier konsernsjefen.

Baug og skrogdesignet er nøye utforma etter kva område skipa skal segle i, kan konsernsjefen fortelje vidare.

- Det gir reduserte utslepp, grøn avfallshandtering som blir viktig i åra som kjem, og eit veldig avansert reinseanlegg. Det blir verdas mest miljøvenlege ekspedisonsskip. Eg kunne også faktisk sett skråstrek cruiseskip. Det blir også verdas sikraste ekspedisjonsskip, med isforsterka skrog og propellar. Det aller siste av navigasjonsutstyr og sikkerheitsutstyr blir også å finne om bord, seier Skjeldam.

Fokus på opplevingar og komfort

Det er nok bra at Kleven har fått mykje god erfaring med bygging av luksusyachtane til den new zealandske forretningsmannen Graeme Hart, for om bord i dei nye hurtigrutene vil det også bli rom spekka med komfort og luksus.

- Dette er faktisk første gongen vi byggjer skip med utelukkande utvendige lugarar. Dei fleste får også balkong, noko som kan vere veldig hyggeleg for gjestane som ønskjer å komme tett på naturen. Her blir det med andre ord fokus på komfort, seier Daniel Skjeldam.

Fellesområda blir store og moderne, med mange opne vindaugsflater.

- Vi viser veg vidare for norsk skipsindustri, og er med på å flytte fokuset over frå olje og gass til natur og miljøvenlege løysingar. Desse skipa blir utstillingsvindauge for norsk teknologi og norsk skipsbyggingskunst, seier konsernsjef Skjeldam.

- Vi har trua på segmentet

Det var ein godt nøgd konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen, som fekk ta i mot Hurtigruten-konsernsjefen torsdag, til ei hending som markerer noko historisk for både verftskonsernet og regionen elles. Kleven har bygd tre hurtigruter tidlegare, men dei nye ekspedisjonsskipa vil nok skilje seg ganske så mykje frå desse.

- Vi har trua på dette segmentet, og eg trur at dette vil erstatte mykje av det vi jobba med før. Eg er glad for at vi no er i gong, seier Rasmussen.

MS Roald Amundsen skal etter planen leverast sommaren 2018.