Vikebladet Vestposten møtte sjefsdesignaren i Ulstein berre nokre timar etter at han var tilbake i Ulsteinvik, dagen etter utdelinga under storslåtte forhold i Oslo førre torsdag. Peter Opsvik sin etter kvart legendar-iske Tripp Trapp-stol gjekk av med sigeren i konkurransen, og på tredjeplass kom sjølvaste ostehøvelen. Men, på andreplass kom altså eit design som har blitt eit aldri så lite industrieventyr, med utspring frå designmiljøet i Ulstein.

X-Bow og Ulstein i 100

Øyvind Gjerde Kamsvåg, som først fekk ideen om eit skip som skulle kløyve bølgjene, utvikla i 2002 og 2003 saman med dei andre i designteamet eit design som for alvor skulle setje norsk skipsdesign på verdskartet.

Bourbon Offshore Norway i Herøy var første reiarlag til å bestille ein båt med X-Bow-design. Konseptet blei først testa i 2004, så byrja bygginga av båten i 2005. I juni 2006 blei båten levert til kunden. Resten er, som ein seier, historie. 2. mars i år blei Windea Leibniz, båt nummer 100 med X-Bow-baugen, døypt på kaia ved Ulstein Verft.

– Det var veldig spesielt å få overrekt denne prisen på same dag som X-Bow nummer 100 blei døypt, og i same år som Ulstein kan feire 100 år, seier Øyvind Gjerde Kamsvåg.

– Ei stor ære

Det var ein særs audmjuk sjefdesignar som gjekk på scena og tok i mot prisen for andreplassen i designkonkurransen til Aftenposten. Gjerde Kamsvåg fortel at han ikkje i sine villaste draumar hadde tenkt at X-Bow kom til å hamne på pallen.

– Når ein ser gjennom dei 100 designa som først blei plukka ut, og dei 30 som blei valt ut til den siste runden, så blir ein svært audmjuk. Designa som blei plukka ut er slike som vi alle har vakse opp med, ting vi har sett og brukt gjennom heile livet. At Ulstein X-Bow fekk vere med i eit slikt selskap er ei stor ære for alle oss tilsette i Ulstein, seier Gjerde Kamsvåg.

Ei rekkje kriterium måtte fyllast for å vere blant dei 30 beste, som blei plukka ut av ein jury leia av Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Norge.

– Det er ikkje berre estetikk, det gjeld også funksjon, økonomisk påverknad og alt som er relatert til samfunnet. Dette er ein konkurranse der folket sjølv har stemt fram sine favorittdesign, og det gjer denne andreplassen desto meir viktig for oss. Vi veit no at X-Bow, eit industrielt design, til forskjell frå dei to andre på pallen, verkeleg har betydd noko for mange nordmenn, ikkje berre for oss på Nordvestlandet og på verdshava, seier sjefsdesignaren.

– Vi bur og jobbar her

Øyvind Gjerde Kamsvåg fortel at det heile kjennest litt spesielt, med tanke på kva ein er vande med i kvardagen.

– Å få ei slik ære er ikkje kvardagskost for oss i Ulstein. Vi bur og jobbar her i Ulsteinvik, og som gode kollegaer er vi opptekne av kvarandre sitt ve og vel. Når vi som resultat av godt samarbeid over mange år får ein slik heider, så er det først og fremst veldig kjekt, men også veldig surrealistisk. Vi er ikkje vande med denne typen merksemd, seier han.

– Denne utmerkinga gir oss stor inspirasjon til å halde fram med å finne fram til nye, innovative løysingar for meir effektiv og miljøvennleg skipsfart.

Gjerde Kamsvåg fortel også at det var stort å få møte eitt av sine designidol, Tripp Trapp-stolen sin far, Peter Opsvik.

– Det var jo litt som å møte meisteren, seier han smilande.