– Det er ikkje til å legge skjul på at også vi har merka denne bølgjedalen godt. Men, med unntak av nokre permitteringar i periodar, har vi ikkje vore nøyd-de til å seie opp nokon av våre 150 dyktige tilsette. Det er eg veldig glad for, seier administrerande direktør i Jets, Jan Tore Leikanger.

Hareid-verksemda, som er mest kjende for sine vakuumtoalettsystem, har sidan oppstarten i 1986 vore ei verksemd med i hovudsak maritimt fokus. Men allereie på 1990-talet byrja selskapet å jobbe målretta inn mot landbaserte marknader.

– Den maritime marknaden er framleis den klart største for oss, og innan offshoreskip isolert sett har vi 80 prosent av marknaden. Men vi har eit system for absolutt alle typar skip, og vi er inne både på marineskip, ferjer, passasjerskip, yachtar og andre svært luksuriøse skip, seier Leikanger.

Skal levere til Hurtigruten

Det er fleire aktørar i regionen som skal levere til dei ekspedisjonsskipa som Kleven Verft skal byggje for Hurtigruten. Jets skal levere vakuumtoalett til skipa, 400 stykk per skip.

– Det er relativt nye kontraktar for oss, då vi sikra oss desse like før jul. Det er sjølvsagt veldig kjekt for oss å få vere med på eit slikt spanande prosjekt, seier Jan Tore Leikanger.

Her er Jets inne i ein totalleveranse frå Scanship, som leverer komplette avfallshandteringssystem til skipa. Jets er også med på ein totalleveranse Scanship har til eit passasjerskip som skal byggast av Vard, ein kontrakt som blei signert i fjor haust.

– Så har vi cruisesegmentet, der du har båtar med opp i mot 3.000 toalett per skip. Vår store kunde i så måte er verftskonsernet Fincantieri i Italia. Cruisesegmentet er eit segment der det blir bygt relativt mange skip i den perioden vi er inne i no, seier Leikanger.

Dette er berre nokre av prosjekta verksemda er inne i, innan skip og offshore.

Dei to andre segmenta er land og transport – og service og ettermarknad. Sistnemnde gjeld for begge dei to føregåande segmenta.

Tøffare marknad på land

Sidan midten av 1990-talet har Jets også satsa på land.

– Her har vi eit stort potensiale. Men det er ein marknad som ikkje ligg klar for oss, vi må jobbe mykje sjølve for å utvikle den. Marknaden for skip og offshore har eit relativt likt regelverk verda over, medan det er noko heilt anna for den landbasert marknaden, seier Leikanger og legg til:

– Vi må halde oss til lokale og regionale standardar og regelverk, som er ulike for kvar region og kvart land. Eit eksempel eg kan vise til er Australia, der vi var med og jobba i seks år for å få på plass eit regelverk for vakuumtoalettsystem.

Innafor land og transport jobbar Jets inn mot bygg, og då mest innan «green building», eller bygningar som blir bygde med grøne løysingar. Eit døme på dette er Hareid Group sitt nye praktbygg på Raffelneset. Jets satsar også på hytte- og husmarknaden.

– Her har vi hatt god vekst gjennom mange år. Det er ein typisk norsk marknad, men vi ser potensiale også innafor Skandinavia elles, seier Jan Tore Leikanger.

Tog er ei anna satsing, i tillegg til supermarknader. Jets jobbar også mykje med mobile system, og har til dømes levert store toalettsystem til festivalar, ei operaførestilling i Sydney og til fleire forskingsstasjonar på Sørpolen.

– Det er veldig godt å ha fleire bein å stå på. Vi skal vere i offshoremarknaden så lenge der er ein marknad, men for Jets sin del vil vi i framtida helst sjå at land- og transportsegmentet blir ein større del av den totale omsetninga til selskapet. Vekstambisjonane våre ligg innafor dette segmentet, seier Leikanger til slutt.