I løpet av første halvår i år vil Island Drilling avgjere om boreriggen Island Innovator skal utrustast for å tole is. Årsaka til at ein ønskjer ei slik utrusting er at den skal kunne arbeide i det sørlege Barentshavet året rundt. Det skriv Nett.no. (Ekstern lenkje).

Dersom det blir bestemt at ein skal investere, vil kostnaden bli på rundt 50 millionar kroner, ifølgje administrerande direktør i Island Drilling, Roger Simmenes.

Ifølgje næringslivsportalen er Island Innovator nettopp ferdig med eit 43 dagar langt oppdrag for Lundin Oil og eit fem dagar langt oppdrag for Aker BP.

For tida er det ti riggavtalar i marknaden, medan 23 riggar ligg i opplag.