Det nye reiarlaget får namnet Solstad Farstad, og Farstad er med det historie som sjølvstendig offshorereiarlag. Det nye reiarlaget blir Norge sitt desidert største, med ein flåte på 150 skip. Tysdag blei papira skrive under på kontora til Farstad på Skansekaia. Det skriv Sunnmørsposten.

Farstad Shipping blir no ein del av eit selskap der også John Fredriksen-kontrollerte Deep Sea Supply og Kjell Inge Røkke-kontrollerte-Solstad Offshore er medlemmar. Diskusjonen vidare no blir kva for avdelingar som skal styre kva for skip. Hovudkontoret blir som kjent i Skudeneshavn på Karmøy, der Solstad held til i dag.