Reketrålaren Remøy vart 10. mai ført til Murmansk i regi av den russiske kystvakta. Både norske fiskeri- og utanriksstyresmakter jobbar no med å få båten frigitt. Det skriv Fiskebåt på sine nettsider.Russland vil ha 90 millionar kroner for å sleppe fartøyet, eit krav som er meir enn 10 gongar større enn fangsverdien som er om bord i båten.- Kravet står på ingen måte i forhold til realitetane i saka, og dette kravet gjer at situasjonen ikkje er mogleg for reiarlaget å handtere. Dessutan ligg ansvaret hos norske styresmakter. Vi hadde håpa på at saka skulle få ei rask avklaring, seier Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt.