(NPK-NTB) Trålaren vart teken inn til Murmansk 10. mai etter at det ved ein rutinekontroll vart oppdaga at skipet ikkje hadde gyldig lisens for å fiske etter reker i russisk farvatn. Fiskeridirektoratet har innrømt at det er ein feil frå deira side som gjorde lisensen ugyldig.

På ein pressekonferanse i Fosnavåg i Herøy kommune onsdag sa styreleiar Olav Remøy at han ikkje trur saka kan løysast anna enn på politisk hald.

– Berre ei politisk løysing

– Saka må løysast no. Vi er glade for at saka får veldig høgt fokus og blir jobba med på høgt nivå. Vi trudde først på ei rask oppklaring, men vi kan ikkje i dag seie når det kan komme ei løysing, det veit vi ikkje, sa Remøy.

Styreleiaren sa at dei i byrjinga fekk eit klart inntrykk av at dette ville bli raskt løyst på administrativt nivå, men då kausjonskravet på 90 millionar kroner kom, gjekk alvoret opp for dei.

– Det er berre ei politisk løysing som er mogleg slik det ser ut no, sa Remøy.

På Stortinget har Senterpartiets representant Liv Signe Navarsete, som sit i utanrikskomiteen, allereie vendt seg til utanriksministeren og spurt regjeringa kva den vil gjere for å løyse den fastlåste situasjonen.

Høgste prioritet

No melder også Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre seg på. I eit brev til utanriksminister Børge Brende (H), oppfordrar han Brende til å gi saka høgste prioritet, og skriv at han forventar at utanriksministeren nyttar alle tilgjengelege kanalar.

– Eg forventar at denne saka får høgste prioritet av utanriksministeren, av omsyn til dei menneska som no er ramma og opplever ein vanskeleg situasjon, og familiane deira heime i Noreg. Men også fordi både Noreg og Russland er tent med at slike saker blir løyst på ein raskt og effektiv måte, seier Jonas Gahr Støre til Sunnmørsposten.

(©NPK)