Jogeir Romestrand er ein av medeigarane i seismikkselskapet Axxis Geo Solutions. Gjennom Rome AS eig han 32,43 prosent av aksjane i selskapet. Andre investorar i selskapet er til dømes Bjarte Bruheim, som eig over halvparten av aksjane, og Arne Blystad. Også fleire lokale aktørar har aksjar i selskapet. No har det nystarta selskapet fått sitt første oppdrag. Det skriv Nett.no.

Axxis Geo Solutions har nemleg sikra seismikkskipet Neptune Naiad eit seks månader langt oppdrag for BGP - China National Petroleum Company. Båten skal igjen jobbe for BGP på oppdrag frå BP Indonesia.

- Ei viktig kontrakt

Båten ligg ifølgje Jogeir Romestrand i Singapore no, og er klar for å segle ut på oppdrag.

- Ei viktig kontrakt, og vi ser no fram til å få båten i arbeid etter langvarig opplag, seier Romestrand til næringslivsportalen Nett.no.

Fiskebåten blei bygd om til seismikkskip ved Kleven-eigde Myklebust Verft, og går no ut i arbeid igjen etter å ha vore 2 1/2 år i opplag.

Arbeidet tek til 23. juni.