Ekspedisjonscruiseskip Brunvoll og Ulstein Design & Solutions samarbeidar om utstyrspakken til ekspedisjonscruise fartøyIllustrasjon frå Ulstein Group.

Ekspedisjonscruiseskip Brunvoll og Ulstein Design & Solutions samarbeidar om utstyrspakken til ekspedisjonscruise fartøyIllustrasjon frå Ulstein Group.

Brunvoll og Ulstein Design & Solutions inngår ny kontrakt

Samarbeider om utstyrspakke

Brunvoll har signert kontrakt med Ulstein Design & Solutions AS for levering av framdrifts- og manøvreringssystem til eit ekspedisjonscruise fartøy.

Det melder Brunvoll gjennom ei pressemelding onsdag ettermiddag. Det er den Volda-baserte avdelinga til Brunvoll som vert kontraktspartner i leveringa som inngår i design- og utstyrspakken som ligg i kontrakta mellom Ulstein Design & Solutions og China Merchants Heavy Industry (Jiangsu) Co., Ltd (CHMI), for eitt ekspedisjonscruise fartøy.

- Denne kontrakta er strategisk viktig for oss, sidan den også gir oss ein posisjon som systemleverandør til cruisesegmentet», seier Hallvard Pettersen, dagleg leiar i Brunvoll Volda.

Brunvoll vil levere gir- og propellanlegg, ror med styremaskin, tunnel thrustar og kontrollsystem til både framdrift, posisjonering og manøvrering.

- Framdriftsanlegget er eit dobbelskru diesel-elektrisk system. Baugthrusteren er med vridbare blad, og rora er konvensjonelle spaderor med rotary vane styremaskin, skriv selskapet i pressemeldinga.

Ulstein Design & Solutions har tidlegare inngått kontrakt med China Merchants Heavy Industry (Jiangsu) Co., Ltd (CHMI), som skal byggje ekspedisjonscruiseskip med Ulstein CX103 design for skipseigar SunStone Ships Inc., USA. Kontrakten inkludererer sal av ein design- og utstyrspakke til eitt skip, med opsjonar på heile ni fartøy. Framdrifs- og manøvreringssystem frå Brunvoll vil no inngå i denne utstyrspakken.

Utstyret frå Brunvoll skal etter planen leverast i løpet av første eller andre kvartal i 2018.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: