Laurdag kunne den som ville kome innom og sjå på dei flunkande nye kontora og møteromma i det nye tilbygget til Dimo, i tillegg til gamlebygget, som også er oppgradert. Tilbygget er på tre etasjar, kvar av dei 120 kvadratmeter store, og utbygginga i tillegg til oppgraderinga av gamlebygget kom på ein prislapp på rundt 8 millionar kroner.

- Vi er svært glade over å kunne flytte inn i nye lokale, seier dagleg leiar Stian Garnes til Vikebladet Vestposten.

Godt tilrettelagt

Fleire titals skodelystne var innom open dag på Dimo, og tilbakemeldingane var gode.

- Endeleg har vi fått nok plass til alle som jobbar her, og meir til. Med dette legg vi også godt til rette for vidare utvikling og ekspandering av selskapet, seier Stian Garnes.

Dimo AS har spesialisert seg på skreddarsydde hydrauliske system og komponentar, i tillegg til service og spesialutstyr til maritim industri, skip og utstyrsleverandørar.

Sjå fleire bilete og større sak i tysdagsutgåva av Vikebladet Vestposten og i ny sak på nettsida vår tysdag.