Laurdag vart den nye brønnbåten til Sølvtrans, Ronia Diamond, døypt ved Bryggen i Bergen. Dette er det andre fartøyet Myklebust verft leverer til Sølvtrans i år. Reiarlaget er verdas største på brønnbåt, og dei har vore svært nøgde med systerskipet til Ronia Diamond.

- Vi overtok søsterskipet Ronja Ocean i mars i år, og fartøyet har levert 100% kvar einaste dag sidan vi fekk den. Vi har ikkje hatt nokon innkøyringsproblem, og det er ganske fantastisk på eit så avansert fartøy. Kleven har levert kvalitet, fortel Sølvtrans-sjef Roger Halsebakk i ei pressemelding frå Kleven.

Det nye fartøyet vart døypt i strålande vêr i Bergen, og med eit sykkel-VM som er på veg inn i si avslutning vart det ei flott ramme rundt dåpen. Anja Halsebakk var gudmor for fartøyet.

Fartøyet har ein brønnkapasitet på heile 3200 kubikkmeter, og kan frakte om lag 500 tonn, tilsvarande rundt 150 000 levande fisk. I tillegg til transport av levande fisk, er båten spesielt rigga for ferskvassbehandling for fjerning av lakselus. Dei første månadane skal Ronia Diamond operere i Noreg, før den skal inn i ein langtidskontrakt med Cermaq i Chile, skriv Kleven i pressemeldinga.

Sykla inn over ein million

I samband med dåpen vart det også overlevert ein sjekk på 1,04 millionar kroner frå Robin Halsebakk, på vegne av sjømatnæringa, sykkel-VM, Sølvtrans og alle dei andre bidragsytarane, til Kreftforeninga og assisterande generalsekretær Ole Alkesander Opdalshei.

Før VM har nemleg Halsebakk sykla Norge på langs for å samle inn pengar til Kreftforeninga, og resultatet er imponerande.

Robin Halsebakk har sykla Norge på langs for å samle inn pengar til Kreftforeninga. Foto: Olav Thokle