Det er særleg bygging av skip og oljeplattformer som trekkjer opp omsetnaden. 
            (Foto: Illustrasjon.)

Det er særleg bygging av skip og oljeplattformer som trekkjer opp omsetnaden. Foto: Illustrasjon.

Liten auke i industriomsetninga

Industriomsetninga auka med 0,5 prosent frå juni til august, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Omsetninga av fiske- og dyrefôr bidrog til auken.

(NPK): Frå juli til august var auken på 1,2 prosent samanlikna med førre tremånadersperiode, viser tala frå SSB.

Det er særleg bygging av skip og oljeplattformer som trekkjer opp omsetnaden. Høgare omsetning i næringsmiddelindustrien, og då særleg omsetningsvekst for produsentar av fiske- og dyrefôr, har også bidratt til auken, viser statistikken.

Dataindustri og elektrisk utstyrsindustri og kjemiske råvarer har også bidratt til den positive utviklinga.

Nokre industriområde har derimot bremsa oppgangen. Oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri, som frå februar til april var omsetningsvinnarar, har no ein nedgang.

Også næringane maskinindustri, metallvareindustri og maskinreparasjon og – installasjon har hatt eit fall i omsetnaden.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Fekk du med deg desse?

Emilie (9) og mamma Stine Fjørtoft Holta fekk prøve:

Lefsebaking er ikkje for pyser

Stod fram som bifil i lesarinnlegg

- Verda går heldigvis framover

Kleven-styreleiaren om ny konsernsjef:

- Mest ideelt med ein person som kjenner Sunnmøre