Anita Muren og Stephan Frei er i desse dagar travelt opptekne med å lage til sin nye restaurant i "Kaffikari-bygget", som bygget har blitt kalla på folkemunne både medan Kaffikari heldt til der og i tida etter.

På si eiga Facebook-side skriv Maluns Restaurant AS at dei nesten ikkje kan vente med å få restauranten klargjort for gjestane sine.

- Det er travle dagar no, men vi tek sikte på å kunne opne i løpet av november månad, seier Anita Muren til Vikebladet Vestposten.

Eksakt dato vil bli klar etter kvart.

Vil introdusere sunnmøringar for det sveitsiske kjøkkenet

Anita og Stephan har dei siste 7 åra drive Hotel and Restaurant Chesa i dei sveitsiske alpane, men er altså no klare for Ulsteinvik. På Facebook forklarar dei at namnet på restauranten, Maluns, kjem av ein tradisjonell sveitsisk matrett.

- Vi har også våre initialar i namnet, og er stolte over å kunne ta med ein bit av Sveits heim igjen til Kyst-Norge. Menyen vår er prega av det sveitsiske kjøkkenet, men sjølvsagt også det norske. Vi ser fram til å kunne opne dørene for dykk alle som har lyst til å stikke innom det som tidlegare var Kaffikari, men no i ny "drakt, skriv Anita Muren og Stephan Frei på si Facebook-side.