- Her ser de eit knippe av alle dei dyktige folka i Ulstein som har jobba i månadsvis for å sikre Ulstein Verft denne kontrakten, sa kommunikasjonsansvarleg Lene Trude Solheim til dei frammøtte frå media.

Med det sette ho tonen for ein interessant pressekonferanse. Verftsdirektør Kristian Sætre fortalde fyrst om sjølve kontrakten, før dei andre supplerte og etter kvart tok seg av dei meir spesifikke spørsmåla. Ganske raskt blei koplinga med National Geographic eit tema.

For Ulstein Verft skal bygge eit luksus-ekspedisjonsfartøy som skal gå i polare strok for Lindblad Expeditions. Fartøyet blir ein del av deira Lindblad Expeditions-National Geographic-flåte. Nancy Schumacher, leiar for Travel and Tour Operations i National Geographic, fortel at samarbeidet med Lindblad Expeditions har gitt gjestane eventyrlege opplevingar gjennom 13 år.

– Utvidinga av Lindblad-National Geographic sin flåte er ei fantastisk nyheit, det gir oss høve til å tilby desse ugløymelege turane til endå fleire reisande i framtida. Vi gler oss med partnaren vår, Lindblad Expeditions, i lanseringa av det siste tilskotet til Lindblad-National Geographic-flåten, seier Schumacher i ei pressemelding frå Ulstein Group.

- Ei stor ære

På spørsmål om kva koplinga med National Geographic betyr for Ulstein Group og Ulstein Verft var Lene Trude Solheim heilt klar på éin ting:

- Det er først og fremst ei stor ære å få samarbeide med eit slikt selskap.

Verftsdirektør Kristian Sætre fortalde så at Ulstein-konsernet er godt klar over at National Geographic er ei internasjonalt kjend merkevare.

- Dei når ut til noko sånt som 230 millionar husstandar i 165 land med tidsskriftet og TV-programma sine. Så det er klart at vi her har å gjere med ein enorm aktør på verdsbasis, seier Kristian Sætre.

Alle båtane i Lindblad Expeditions-National Geographic-flåten har National Geographic i namnet sitt.

- På ekspedisjonar er det ofte med store filmteam og produksjonar. Det å ha med National Geographic på ein slik avtale som dette er veldig kjekt. Dei er også ein form for eksponent for Ulstein sine verdiar, då dei satsar tungt på ei berekraftig framtid, seier Sætre.

- Mange moglegheiter

Gunvor Ulstein viste til Lindblad sin administrerande direktør, sveitsiske Sven-Olof Lindblad, og kor opptatt han er av havet.

- Han er veldig fokusert på å gjere noko med forureininga av verdshava. Han ønskjer å bevisstgjere folk og opplyse mange om denne problematikken. Det er kjekt for Ulstein å få vere med på dette. Dette skal vere skip som gir svært lite fotavtrykk i naturen, seier Ulstein.

Som meiner at det berre vil bli fleire slike typar skip i bransjen i tida framover.

Visekonsernsjef i Ulstein Group, Tore Ulstein, meiner det er vanskeleg å sjå i dag kor viktig samarbeidet med Lindblad og National Geographic eigentleg er.

- Eg trur ikkje vi anar kor stort dette er. Det blir utruleg spanande å sjå kva vi kan gjere ut av dette. Her er det mange moglegheiter, seier Ulstein.