1. desember tek Jan Åge Eidem (50) till i stillinga som salssjef hos verksemda MMC First Process si avdeling på Mjølstadneset i Herøy. Han har dei siste åtte åra vore tilsett som sals- og marknadsdirektør i Ulmatec-konsernet.

- Eg gler meg veldig til å starte innan ei fantastisk spanande segment som eg har jobba med tidlegare, seier Jon Åge Eidem i følgje ei pressemelding frå MMC First Process.

Jon Åge Eidem er utdanna som maskinsjef og har i løpet av karrieren gått gradene som messegut, fiskar, fabrikksjef og maskinist og teknisk rådgjevar på fleire fiskebåtar i Noreg, Argentina, Canada og Russland. I 1998 gjekk han i land og tok til i jobben som flåtesjef for Sjøvik-konsernet med ansvar for tolv fiskebåtar ved Kamsjatka-halvøya aust i Sibir, ei stilling han hadde fram til 2001.

Mot slutten av 2001 tok Eidem til som områdesalsleiar hos Rolls Royce Marine Propulsion i Ulsteinvik, her var han til februar 2009. Då tok han til i Ulmatec.

Ser fram til å lære

- Eg ser fram til å lære og formidle vidare produkta til MMC First Process og alt det nye som har skjedd innan fiskehandtering dei siste 15-20 åra. Kva er vel betre enn å starte nettopp hos ein komplett leverandør av slikt utstyr, seier den nye salssjefen.

Dei to verksemdene Havyard MMC i Herøy og First Process i Ørskog fusjonerte tidlegare i år. Gjennom fusjonen kan selskapet levere utstyr som tek hand om alle prosessane frå fisken er henta ut av havet til han er ferdig pakka for forbrukarane.

- Jon Åge er heilt nødvendig i arbeidet med å styrke og auke satsinga på forretningsområda våre. Dette inneber ikkje berre å oppretthalde dagens posisjon i marknaden, men også å skape nye posisjonar som ein komplett leverandør. Jan Åge vil ha ei sentral rolle i dei store tverrfaglege prosjekta vi arbeider med. Vi gler oss til eit godt samarbeid, og ønskjer Jon Åge Eidem velkomen til oss, sier viseadministrerande direktør i MMC First Process, Leon Fauske.