- Det vert vanskeleg å forsvara ombering av post fem dagar i veka særleg lenge, seier konsernsjef i Posten,Tone Wille.
            (Foto: NPK / Karoline Riise Kristiansen)

- Det vert vanskeleg å forsvara ombering av post fem dagar i veka særleg lenge, seier konsernsjef i Posten,Tone Wille.Foto: NPK / Karoline Riise Kristiansen

Spår postlevering ein gong i veka

Konsernsjef Tone Wille i Posten trur tida med levering av post fem dagar i veka nærmar seg slutten.

– Eg trur det kan koma til å enda med at posten blir frakta ut kvar veke. Ei mellomløysing på vegen dit vil naturleg vera postgang annankvar dag, seier konsernsjef i Posten,Tone Wille, i ei ny bok, ifølgje Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

Endringane i postgangen kjem fram i boka «Den store forvandlingen. Posten i en digital tid». Det er programleiar Jan Ove Ekeberg i TV 2 som har skrive boka, som blei lansert onsdag denne veka.

– Uansett korleis dette endar, blir det vanskeleg å forsvara ombering av post fem dagar i veka særleg lenge. Dersom politikarane ønskjer hyppigare postgang enn det som kan forsvarast i marknaden, må staten betala for det, meiner konsernsjefen.

Mellomløysinga med postgang annankvar dag, bortsett frå i helgane, betyr levering måndag, onsdag og fredag den eine veka, og tysdag og torsdag den neste. Posten har lagt fram synspunkta sine på dette for Samferdselsdepartementet.

– Kor dette endar og kor fort det går, veit ingen i dag. Men retninga er klar, seier Wille i boka.

I Stortingsmeldinga «Postsektoren i endring», som Stortinget behandla i fjor haust, heiter det at «Neste steg er færre omdelingsdager».

I Danmark har overgangen til digital postgang kome noko lenger enn i Noreg. Danskane legg om til postgang éin dag i veka frå 1. januar neste år.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Fekk du med deg desse?

Emilie (9) og mamma Stine Fjørtoft Holta fekk prøve:

Lefsebaking er ikkje for pyser

Stod fram som bifil i lesarinnlegg

- Verda går heldigvis framover

Kleven-styreleiaren om ny konsernsjef:

- Mest ideelt med ein person som kjenner Sunnmøre