Båtane vil ha ei lengde på 50 meter og ei breidde på 12,5 meter, og begge fartøya skal drive fiske i norske farvatn. Dei er i tillegg designa med høg isklasse for å kunne operere i arktiske farvatn. Det skriv Marin Teknikk AS i ei pressemelding.

Fleire norske leverandørar med på laget

Båtane skal utrustast med konvensjonell framdrift og får lugarplass til 18 personar. Reiarlaget har vore involverte i prosessen, og båten er utrusta med autoline linesystem og automatisk line-hale system, fabrikk til prossesering av fisk og god fryselagerkapasitet. Marin Teknikk fortel gjennom pressemeldinga at fleire leverandørar frå Norge skal levere utstyr til skipa.

Det er Tersan Shipyard i Tyrkia som skal bygge fartøya, og det fyrste skal leverast i desember 2019, medan det andre fartøyet seglar frå verftet i februar 2020.

- Spesialtilpassa Ervik-konsernet

Salgsdirektør Richard Gjerde meiner dette er ei svært gledeleg kontrakt i ein krevande marknad.

- Vi har jobba tett med Ervik i ei årrekkje og føler at dette er ein heider av arbeidet vårt med å teikne trygge, funksjonelle, miljøvenlege og kosteffektive båtar spesialtilpassa Ervik-konsernet, seier Gjerde.