Det svarar til ein auke på 3 milliardar kroner, og ein volumauke på 7 prosent frå 2016.

– 2017 var endå eit fantastisk år for norsk sjømateksport. Eksportverdien auka med 3 prosent, og vi ser ein vekst i verdi og volum til oversjøiske marknadar i Asia og USA. Samtidig var eksporten til EU uforandra frå 2016, seier Renate Larsen, administrerande direktør i Noregs sjømatråd.

Noreg har eksportert éin million tonn fisk frå havbruk for 67,7 milliardar kroner i 2017. Det er ein auke på 3,6 prosent frå 2016. Frå fiskeri har Noreg eksportert 1,6 millionar tonn sjømat for 26,8 milliardar kroner, som er ein auke på 2,4 prosent.

Laksen gav største verdiar

Laks var langt veg den viktigaste arten for norsk sjømateksport i 2017, og stod for 68 prosent av den totale eksportverdien. Det svarar til over 64 millionar kroner.

Auka prisar på laks for forbrukarane har hatt innverknad på eksporten, og redusert etterspørselen etter laks i Europa.

– Sidan Europa er den dominerande marknaden for norsk laks, får ein reduksjon i laksesalet stor innverknad på eksportprisen. Dette har bidratt til lågare lakseprisar i andre halvår, seier Larsen.

Også torsk og makrell var viktige for eksporten. Aure bidrog derimot til å trekke ned volumet, og eksporten frå havbruk er dermed uendra frå 2016.

Færre norske produsentar som satsar på aure, og bortfall av det russiske marknaden er nokre av grunnane til nedgangen.

– For kvitfisk ser vi at auka verdi kjem av auka eksportvolum, men det er forskjell mellom artane. Norske eksportørar fekk blant anna betre betalt for dei fleste produkta av torsk i 2017 samanlikna med 2016, seier Larsen.

Viktige marknadar

USA, Kina og Vietnam er dei største vekstmarknadane i 2017. Noreg har eksportert 539.000 tonn sjømat for 18,7 milliardar kroner til Asia i 2017, ein auke på 8 prosent frå året før.

– Auka sjømatkonsum i Asia er drive av auka kjøpekraft i ei veksande middelklasse og forbetra distribusjon. Vi forventar at veksten vil fortsette å auke framover og eit eksempel er potensialet til Kina, seier Sjømatrådets fiskeriutsending i Kina Sigmund Bjørgo.

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) er fornøgd med resultatet.

– Sjømatnæringa er ei av Noregs viktigaste eksportnæringar. Og årets eksportrekord styrkjer posisjonen til næringa. Regjeringas ambisjon er at sjømatnæringa skal vekse og skape fleire arbeidsplassar, seier han.