– Oppseiingane kjem hovudsakleg som følgje av at nokre båtar har endra operasjonsområde, seier konsernsjef Peder Solstad til nettavisa Sysla.no.

At reiarlaget fått fleire kontraktar i Brasil der det er krav om lokalt tilsette er også ei medverkande årsak.

Oppseiingane er ein del av ein større snuoperasjon. I fjor blei det familieeigde selskapet Farstad Shipping slege saman med selskapet til John Fredriksen; Deep Sea Supply, og Solstad offshore som Kjell Inge Røkke kontrollerer. Det nye selskapet fekk namnet Solstad Farstad og er no det største reiarlaget i Noreg.

I samband med fusjonen har rundt 90 tilsette i konsernet tidlegare mista jobben på land.

Både hovudtillitsvald i Maskinistforbundet i Solstad Farstad Andres Bakken og nestleiar Kim Lekva Velve hos Norsk Sjømannsforbund frykta lenge at kutta ville ramma sjøfolka hardare.

– For tre veker sat vi og snakka om masseoppseiingar og permitteringar. Av vi no kan landa på mellom 25 og 30 oppseiingar ser eg svært positivt på, sjølv om det er trist for dei det gjeld, seier Vevle.