Omsetningstala for Blåhuset for i fjor er klare. Dei viser at kjøpesenteret hadde ei total omsetning på 220 millionar kroner i 2017, noko som er ein oppgang på 2,3 prosent for heile senteret i forhold til i 2016.

Talet på butikkar i Blåhuset er 19, og kundestatistikken viser at senteret har ein total auke i talet på besøkande på 4,9 prosent frå 2016 til 2017.

Julehandelen viste seg å bli om lag heilt lik som i 2016 med tanke på omsetning, men det var langt fleire kundar innom dørene.

Jobbar med å fylle ledige lokale

Sentersekretær i Blåhuset Senterforening, Kathrine Gåsvik Ulstein, fortel at sjølv om kjøpesenteret har hatt nokre ledige lokale i året som var, blir det jobba godt for å finne nye leigetakarar.

- Vi er mest truleg i ferd med å fylle nokre av desse no og vi håpar at dette kan bidra til å gi ny giv til Blåhuset, seier Gåsvik Ulstein.