I dag, måndag 15. januar, kunne Fosnavaag Ocean Academy (FOSAC)  ta i bruk verdas første brønnbåt-simulator. Herøy-baserte MMC First Process, som arbeider med maskiner for handtering av fisk, har vore med i utviklinga av simulatoren.

Oppdrettsfisk er ei dyrebar last. Brønnbåtnæringa har difor hatt eit ønske om å utvikle og heve kompetansen hos mannskapa. Behov og etterspurnad for å kunne trene i trygge omgivnader har difor auka kraftig, fortel  MMC First Process via ei pressemelding.

Simultaoren består av ulike programdelar og ingeniørene hos MMC First Process har brukt mye tid på å utvikle vannbehandlings- og fiskehåndteringsprogrammet.

- Vi har sjølv sett og fått tilbakemelding frå kundane våre om at det er eit behov for å kunne får trene på kompliserte operasjonar i trygge omgjevnader. Vi tek kundane våre på alvor og har i lang tid arbeidd for å finne ei løysing som er god nok. Ved å meistre desse operasjonane i praksis oppnår ein god fiskevelferd og ein sparer også tid og pengar. Det er kjekt å kunne sjå at dette no er ein realitet, i og med at vi i dag lanserer brønnbåt-simulatoren i samarbeid med Sølvtrans, FOSAC, OSC og nokre andre underleverandørar, seier direktør for service og ettersalg, Roar Stenersen i MMC First Process.

- Det har vore eit godt samarbeid mellom hovedpartnarane, og det er svært hyggeleg at vi no har denne tenesta å tilby i ei så viktig næring. At arbeidet vert utført korrekt frå start til slutt er svært viktig, seier dagleg leiar i FOSAC, Håvard Stave.