For fyrste gong sidan 2014 opplevde ein i september 2017 ein auke i etterspurnaden etter ankerhandterings- og supplyskip i Nordsjøen, om ein samanliknar med same perioden i 2016. Det skriv Sysla.no.

Det som er spesielt er at trenden har heldt fram. For også oktober, november og desember var betre i 2017 enn i 2016.

Det er analytikar Stig Erik Kyrkjeeide i meklarhuset Kepler Cheuvreux som har utarbeidd ein graf som viser til utviklinga. Han fortel til Sysla at tala viser at ein kan forvente ein positiv trend også framover.

– Det kan nok kome eit lite kvileskjær i januar eller februar, men eg trur dette er eit frampeik på at 2018 kjem til å få eit anna forteikn enn dei siste åra for sektoren, seier Kyrkjeeide til Sysla.