Fristen for å vere med i anbodskonkurransen om å drifte kystruta mellom Bergen og Kirkenes frå tidlegast 2020 og i ti år framover, gjekk ut sist fredag. I følgje ei pressemelding som selskapet Havila Holding har sendt ut, er selskapet Havila Kystruten AS mellom dei som har lagt inn tilbod.

Anbodet frå samferdselsdepartementet inneheld i alt tre delpakkar, ein pakke på tre skip og to pakkar på fire skip. Kystruten vert drive på oppdrag frå staten og er meint å sikre eit heilårleg transporttilbod med daglege seglingar på strekninga Bergen og Kirkenes, samt å sikre godstransport mellom Tromsø og Kirkenes. Kystruta omfattar i alt 34 hamner langs den aktuelle kyststrekninga.

Det er tidlegare kjent at noverande drivar av kystruta, Hurtigruten AS, har lagt inn eit tilbod på å drive heile ruta åleine.

Må bygge fire skip

Dei fire skipa som Havila Kystruten AS kan tilby dersom dei vinn kontrakten, er designa av Havyard Group ASA. Kvart skip er 125 meter langt og kan ta omlag 700 passasjerar.

– Vi har forhandla med både norske og utanlandske skipsverft om oppdraget. Det har vore ein lang og krevjande prosess, men eg er sikker på at får nokre veldig gode og miljøvennlege skip dersom departementet tildeler oss denne kontrakten, seier styreleiar i Havila Kystruten, Per Sævik, i følgje Sunnmørsposten. Sævik trur at tilbodet deira vil kome heldig ut med omsyn til dei klima- og miljøkrava som er sette.

Anbodet krev mellom anna at CO-utsleppa frå skipa i kystruta vert monaleg lavare enn i dag og at tungolje ikkje kan nyttast som drivstoff.

Departementet vonar å inngå kontrakt med leverandørane innan påske.