Bjørn Klubbenes vil halde fram som dagleg leiar for verksemda på Stålhaugen, og fortel at reisebyrået no er ein del av eit stort, globalt selskap.

– Etter nokre utfordrande år i det som er kanskje Norges vanskelegaste marknad for tida, ser vi fram til nye og spanande tider både for vår eigen del og for regionen, seier Klubbenes.

Med i eit globalt storkonsern

Hogg Robinson Group (HRG) er eit av verdas største reisebyrånettverk, med 14.000 tilsette i 120 land. I Norge er HRG ein av de største aktørane på forretningsreiser. I tillegg til seks eigeneigde reisebyrå er 16 lokale byrå over hele landet knytt til HRG som franchisetakarar. Desse jobbar med feriemarknaden under merkenamnet Bennett Ferie og med bedriftsmarknaden under HRG Nordic-namnet.

Vikebladet Vestposten møtte han og kontraktsansvarleg i byrået, Oddhild Sandanger, til ein prat kring oppkjøpet torsdag. Det er fyrste gang byrået skiftar eigar sidan oppstarten, då begge hovudeigarane Rolls-Royce og Kleven har seld seg ut i prosessen.

HRG, som har sikra seg Rolls-Royce som kunde på verdsbasis, får også naturleg nok sistnemnde si norske verksemd som ein del av kundeporteføljen.

Klubbenes og Sandanger poengterer at det har vore eit bra samarbeid med kjeda som reisebyrået var franchisetakar ifrå to år tilbake og inntil nyleg, G Travel, men også at dei ser fram til at ein no får vere ein del av ei målretta satsing frå HRG.

– Det er heilt tydeleg at HRG ønskjer å satse på Ulsteinvik og Søre Sunnmøre. Dette ser vi på som ei stor ære, og ei stor tillitserklæring, seier Bjørn Klubbenes.

– Det er eit verdsfemnande konsern som har store økonomiske musklar, noko vi har merka godt allereie, seier Oddhild Sandanger.

Både Sandanger og Klubbenes merkar at nedgangen i regionen har stoppa opp, og dei ser ein svak oppgang i marknaden.

– Her er meir aktivitet no. At det er ein fordel for oss å vere ein del av HRG, som er ein børsnotert og industriell eigar, er heilt klart. Dei tenkjer på ein litt annan måte, der topplinja er det viktigaste. Ein finansiell eigar vil sjå på ei kvar investering som ein kostnad, medan ein industriell eigar ser på ei investering som nettopp det, ei investering, seier Klubbenes.

Som også kan avsløre at Expedia, verdas største reisebyrå på nettet, var i samtalar om å kjøpe opp reisebyrået i Ulsteinvik for nokre år tilbake.

Ein stor arbeidsplass

I snart 40 år har reisebyrået, som i si tid blei starta med Idar Ulstein og John Kleven som dei fyrste eigarane, gjort sitt for å forbetre den lokale infrastrukturen når det kjem til reiser.

– Då eg byrja for snart 36 år sidan var vi tre-fire stykk. På det meste har vi vore 39, medan vi no har 24 tilsette. Det er framleis ein stor arbeidsplass, og ikkje minst ein kvinnedominert arbeidsplass. Det er ikkje mange arbeidsplassar på Ytre Søre som har så høg prosentdel kvinner som vi har, og det er vi veldig stolte av. 20 er kvinner og resten er menn, fortel Bjørn Klubbenes og legg til:

– Kundane våre vil ikkje merke nokon forskjell, dette vil gi store synergieffektar, og vi er godt nøgde med korleis dette blei. Vi skal framleis vere i marknaden, og tek med oss kundane våre over i den kjeda, seier Bjørn Klubbenes.

Med lokale i andre etasje på Stålhaugen har dei i alt 24 tilsette ein fin plass å vere. Arbeidsmiljøet blir beskrive som godt, og ingen dag er lik den førre. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.