Ifylgje Fiskebåt – organisasjonen til havflåten – er det allereie inngått kontrakt om bygging av to hybride havgåande fiskebåtar og ein tredje er på veg.

Reiarlaget Atlantic Longline AS i Ålesund er blant dei som satsar miljøvennleg. Nybygget til reiarlaget blir det første hybride linefartøyet her til lands. Ved å ta i bruk batteriteknologi reknar reiarlaget med å spara fleire titals tonn diesel i året, fortel Fiskebåt i ei pressemelding. Det hindrar store utslepp av klimagassar.

– Vi er svært opptekne av å få klimagassutsleppa så låge som mogleg, seier skipper og dagleg leiar i Atlantic Longline, Kjell-Gunnar Hoddevik.

Han fortel at batteripakken i det nye fartøyet vil avlasta hovudmotoren slik at han går jamnare. Dette vil ikkje minst ha stor effekt når båten går i ruskevêr.

Også fleire andre fiskebåtreiarar langs kysten satsar på miljøvennlege og energieffektive løysingar når dei byggjer nytt. Reiarlaget Lie Gruppen i Hordaland har til dømes inngått ein kontrakt om å få bygd ein hybrid snurpar som vekslar mellom LNG og straum.

– For oss er det viktig å vera i forkant når det gjeld å ta i bruk miljøteknologi. Ved å ta i bruk LNG med elektrisitet, tek vi eit langt steg i retning av å redusera klimagassutsleppa, seier dagleg leiar i Liegruppen fiskeri, Ole Christer Lie.

Han fortel at den miljøvennlege løysinga reduserer NOx-utsleppa med 90 prosent og CO2-utsleppa med 20 prosent.

Miljøutfordringane er også hovudtema på årsmøtet til Fiskebåt 14.- 15. februar.