Norske verft blir ofte taparar når norske fiskebåtreiarar skal byggja nye fiskebåtar. To av tre kontraktar går til verft i utlandet, viser ei fersk oversikt.

Det er nettavisa nett.no som har fått laga oversikta som tek for seg fiskefartøy som er leverte, er under bygging eller i ordre frå 1. januar 2015. I denne perioden har norske fiskebåtreiarar ifylgje avisa inngått 12 større fiskebåt-kontraktar med norske verft, og 25 kontraktar med utanlandske verft.

Danmark og Tyrkia toppar lista over dei mest populære utanlandske verfta, men oversikta viser også at norske fiskebåtreiarar vel å byggja skipa sine under fjernare himmelstrøk. Norske reiarar skal mellom anna ha inngått avtalar med verft i Bangladesh.

Det er særleg store fiskebåtar som blir bygde i utlandet. Så og seia alle fiskebåtar frå femten meter og kortare blir bygde ved norske verft og båtbyggjeri, skriv avisa.

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) er ikkje overraska over tala som kjem fram i oversikta til nett.no. Men han håpar at ei ny regelendring om finansiering av fiskebåtar, skal føra til at fleire fiskebåtreiarar vel norske verft.