– Det vil koste eigarane 150 kroner i døgnet i straffegebyr å køyre utan forsikring for personbil. Det vil bli svært kostbart å droppe bilforsikringa, nesten 5.000 kroner kvar månad, seier Espen Opedal, direktør i Tryg, i ei pressemelding.

Stortinget vedtok den nye gebyrordninga i desember i fjor. Føremålet er å få ned talet uforsikra bilar som representerer ein risikofaktor på norske vegar

Om du held fram å køyre utan forsikring etter 1. mars risikerer du òg å få eit stort økonomisk erstatningsansvar dersom du køyrer på og skadar nokon. Då må ein betale tilbake erstatninga som dei skadelidande ville fått gjennom Trafikkforsikringsforeningen.

Skal du unngå gebyr, må du enten forsikre eller avskilte køyretøyet innan 1. mars.