– Eg trivst med det eg held på med og likar at folk er fornøgde med maten. Om dei ikkje var tilfreds med den, hadde dei heller ikkje kome attende. Det blir ein livsstil når du skal drive med noko som dette. Du kan ikkje fare heim att kvar dag klokka fire og seie at «no er arbeidsdagen min over».

Magnar har drifta Cafe Nova i 30 år, men det var ikkje planen.

– Eg skulle vere her berre ei lita stund. Det var ikkje eg som starta opp konseptet i 1986. men Drifta gjekk ikkje slik eigarane ynskte. Eg kom difor inn for å bidra i eit års tid, men so visste det seg at alle forsvann kvar til sitt, og til slutt var det berre eg igjen. So det vart vel litt pådytta meg kan du seie, mimrar Kvalsund.

Kokk på sjø

Magnar byrja på båt i 15-årsalderen, og gjekk kokk i Bergen då han var ungdom. Han jobba deretter med kokkeyrket på sjø, og der fekk ein mykje kjeft om det ikkje var bra nok. Magnor humrar so smått medan han sippar på kaffien:

– Eg lærte å kokkelere på den harde måten. Men det gav meg ein del erfaring i ryggen då eg starta opp Cafe Nova.

Tidene forandrar seg, men tradisjonsmat går tydelegvis aldri av moten, for Nova held det framleis gåande. Magnar trur han veit kvifor:

– Folk er glade i det tradisjonelle som kjøtkaker, potetball, sosekjøt, steikt fisk med kvit saus. desse tradisjonelle middagsrettane tek tid å lage heime og folk har ikkje nok av det. Difor kjem dei hit og et det her med oss i staden.

Magnar fortel vidare at kafeen brukar lokale leverandørar. Dei får blant anna fisk ifrå Sandefisk, kjøt frå Brudevoll – det går ikkje gjennom masse ledd, informerer han.

Novapizzaen

Mykje har forandra seg på Cafe Nova sidan oppstarten for 30 år sidan. Det har vore både oppussing og utskifting av menyar. For kven hugsar vel ikkje det lyserosa interiøret og røykerommet i enden av lokalet? Dei prøvde seg også på rein restaurantdrift i ei periode på 90-talet, men det gjekk ikkje.

– Vi greidde ikkje forsvare det. Då gjekk vi tilbake til kafédrift, med catering på sida. Eg tek på meg eitt eller anna selskap innimellom. Då kan eg til dømes arrangere buffé her i kafeen, og servere opp mot 60 personar. Vi har forandra litt på konseptet vårt opp gjennom tidene også, og vi var i ei periode borti mykje asiatisk mat, sidan kona mi er frå Thailand. Ho er også utdanna kokk. Vi smetta det inn, slik at kundane hadde fleire val på menyen.

Kafeen sel også mykje klassisk gatekjøkenmat som burger og pizza.

– Eg gløymer aldri då Novapizzaen hadde si stordomstid. Det var vår gimmick ein gong i tida det, Novapizzaen. Eg byrja med den i 1991. Då laga vi Norges største pizza nede på haldeplassen her.

Bildet av utmerkinga for den enorme pizzaen heng framleis bak disken. Det var eit samarbeid med lokale aktørar som bakeriet til Josef Ulstein, Brudevoll og trelastlageret.

– Før i tida var det mykje meir lokalt samarbeid. Det har forsvunne litt no i moderne tid. Men det seier seg sjølv når du har drive kafé i 30 år, har du ein del kontaktar i lokalmiljøet. Du kjenner alle, og alle kjenner deg.

Eigaren er overtydd om at å drive med tradisjonsmat er trygt. Han kjem til å halde fram med det som held bedrifta gåande. Han trur blindt at det er det som fungerer – store gode porsjonar. Og god hjelp frå familie og dei andre som jobbar på kafeen:

– Dottera og kona mi jobbar her i tillegg til to andre tilsette eg hadde aldri klart meg utan deira hjelp.

Kva motiverer deg?

– Gleda av å halde på med noko i staden for å sitje på raua, avsluttar Magnar lattermildt.