- Regjeringa er oppteken av å sikre eit godt transporttilbod for folk i distrikta langs Norskekysten. No fornyar vi kontraktane for kystruta. Vi vil framover halde på dagens tilbod, med daglege avgangar frå 34 hamner heile året og med transport av både passasjerar og gods. Det blei utlyst tre delkontraktar med til saman 11 ruter, og vi innstiller no to aktørar som vinnarar til å levere tenestene frå og med 2021. Hurtigruten skal operere sju skip, medan Havila kjem inn med fire nye skip. Miljørekneskapet blir betydeleg betre som følgje av strengare krav i dei nye kontraktane. CO2-utsleppa frå tenesta blir ein fjerdedel lågare enn i dag. Prisen for staten blir i sum omtrent den same som vi betalar i dag. Det er vi fornøgd med, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding frå Samferdselsdepartementet.

Departementet vil raskt etter kontraktsignering invitere dei 34 hamnene kystruta går innom til eit informasjonsmøte.

- Gledeleg at eit norsk reiarlag har nådd opp i konkurransen

Reiarlaget Havila, som held til i Fosnavåg får ei kontrakt med fire skip på Kystruten. Dei fire skipa skal byggast nye. Hurtigruten AS fekk kontraktar på saman sju skip (ei delkontrakt på fire skip og ei på tre skip). Selskapet skal nytte skip dei allereie har, men som byggast om, slik at utsleppa blir lågare og miljøkrava blir nådd.

- Det er gledeleg at eit norsk reiarlag har lykkast med å nå opp i konkurransen med Hurtigruten AS. Vi har tillit til at Havila-konsernet, som har lang erfaring med bygging og drift av store skip og med sjøtransporttenester langs kysten, vil gi dei reisende ei god oppleving, seier samferdsleministeren.

Kontraktsoppstart vil vere 1. januar 2021. Dagens kontrakt med Hurtigruten AS gjeld til 1. januar 2020, med eitt års opsjon Samferdselsdepartementet vil dermed nytte seg av opsjonen, slik at det vil vere tilstrekkeleg tid for selskapa å klargjere skipa før kontraktsoppstart.

Den totale kontraktssummen er ifølgje departementet på 788 millioner kroner i året. Dette er noko meir enn det staten i gjennomsnitt betalar for dagens teneste, men dette inkluderer altså betydeleg strengare miljøkrav og fire nye skip.

- Ei udelt positivt oppleving

Per Sævik var med på pressekonferansen til Samferdselsdepartementet (ekstern lenkje) fredag ettermiddag, og var svært glad der han fekk mikrofonen frå samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp). Sævik visste ikkje om tildelinga før like før pressekonferansen.

- Dette har vore eit godt samarbeid med profesjonelle aktørar. For Havila Holding er dette ein stor dag, ein spanande dag. Vi har vore medeigarar av hurtigruteskipet MS Richard With i fleire år, og har tent gode pengar på dette. Vi vonar at vi også skal tene gode pengar på Kystruten, med våre eigne skip. (...) Eg vil takke departementet og statsråden for denne tildelinga på fire skip, seier Sævik.

Dette blei resultatet av konkurransen om Kystruten 2021-2030:

- Aktørane skal drive Kystruten Bergen-Kirkenes i 10 år.

- Inndeling i tre delkontrakter:

Delkontrakt med fire skip: vunne av Havila Holding AS.

Delkontrakt med fire skip: vunne av Hurtigruten AS.

Delkontrakt med tre skip: vunne av Hurtigruten AS.

Samla pris per år: 788 millionar kroner