– Dei små selskapa, gjerne underleverandørar til dei større, er gode temperaturmålarar på situasjonen. Dei vi har snakka med fortel at det ser betre ut, at det er fleire teikn til betring. Til dømes opplever fleire større etterspurnad. To av dei mindre selskapa eg nyleg har snakka med og skrive om har tilsett fleire nye folk, sjølv om olje- og gassnæringa er i ulage, fortel Ogne Øyehaug.

Betring innan olje og gass

Nett.no kunne nyleg melde at ankerhandteringsskipet Havila Jupiter auka ratane frå 80.000 til 265.000 kroner over natta, då skipet blei leigd ut til Aker BP. Eit ratehopp på heile 185.000 kroner.

– Det ligg framleis mange offshoreskip i opplag, og så lenge dei ligg der vil det leggje ein dempar på heile marknaden. Men, eit slikt ratehopp er eit positivt teikn. Det som likevel er heilt avgjerande, er at ein må sjå brukbare ratar over tid for at fleire skip kan takast ut av opplag. Ein må ikkje gløyme at det kostar å ta skipa tilbake i arbeid. Det gjer ikkje eit reiarlag om ein ikkje er trygg på at det varer. Ein vil sjølvsagt helst sleppe å leggje skipet i opplag igjen, seier Ogne Øyehaug.

I kjølvatnet av at krisa innanfor den maritime næringa byrja å eskalere, forsvann fleire aktørar med i dragsuget, eller blei del av noko større. Om det no er fleire reiarlag som skiftar eigarar eller forsvinn som følgje av situasjonen vil ikkje Øyehaug spekulere noko spesielt mykje i, men generelt sett vil det avhenge av kor lenge marknaden er svak.

– Ein ser at reiarlag som Havila og no seinast Solstad Farstad, etter også ei andre runde med eit av sine dotterselskap, har sikra seg avtalar som gir nokre års pusterom. Men det betyr på ingen måte at det heile er over. Mange har fått dette pusterommet, så står det att å sjå om det varer lenge nok, seier redaktøren.

Har lukkast med omstilling – så langt

Øyehaug er imponert over verfta på Ytre Søre, med Kleven og Ulstein i spissen, si evne til å få oppdrag i nye marknadar, som fiske, oppdrett, cruise og ferjetransport.

– Men ein må nok vente til dei resterande verksemdene har levert sine rekneskapstal for 2017, før ein kan vurdere om omstillingane har gitt ein reell effekt. Kanskje ser vi ikkje heile biletet før tala for 2018 er klare, neste vår. Klarte eigentleg verfta i det heile tatt å tene pengar på dei nye kontraktane? Det kritiske er om aktørane faktisk går i overskot på det dei har inngått kontrakt på.

– Ja, verfta har klart å omstille seg, men vi ventar altså på fasiten på om det har ført til noko positivt økonomisk. Éin ting er å inngå kontraktar i nye marknader, ein annan ting er å få det til å fungere. Men det er klart, om ein har hatt fleire feite år i forkant før ein går inn i ein ny marknad, er ein betre rusta til å tole omstillinga.

Trur botnen er passert

Øyehaug meiner situasjonen sett under eitt viser ei pil som peikar oppover.

– Eg meiner at botnen kan vere passert no. Ein ser som sagt fleire positive signal. Aukande ratar innanfor olje- og gassnæringa, verfta klarer å få nye kontraktar trass i knallhard konkurranse, også frå utlandet, og dei mindre verksemdene opplever at ting ser betre ut. Ein skal ikkje gløyme at dei store pengane er i dei store verksemdene, men eg ser heilt klart gode teikn innanfor olje- og gass no. Så får ein også håpe at dei gode tidene held fram innanfor fiskeri og oppdrett, seier Øyehaug til slutt.

– Botnen kan vere passert no, seier Ogne Øyehaug om situasjonen i den maritime næringa. Foto: Nett.no.