– Vi ser positive utviklingstrekk i marknadene framover. Likevel ser vi at 2018 òg blir eit krevjande år for dei av medlemmene våre som er involverte i olje- og gassaktivitetar offshore, seier administrerande direktør Harald Solberg i Norges Rederiforbund i ei pressemelding.

Omsetninga i offshore-segmenta er halvert dei siste to–tre åra, men har no stabilisert seg. Nivået er likevel ikkje berekraftig, meiner Rederiforbundet.

Talet på skip og riggar i opplag har i alle høve gått ned. I februar låg 162 skip i opplag, mot 183 same månaden i fjor. Noko av forklaringa er auka aktivitet i olje- og gassnæringa, men òg skraping og sal av skip.

Offshore servicesegmentet ventar elles redusert omsetning i 2018 òg. Stadig er det krevjande tider med låg ressursutnytting, høge opplagstal, låge ratar og kort tidshorisont på kontraktane.

– Det er viktig å hugse at ein stor del av dei reiarlaga som varslar betra driftsresultat i 2018, kjem frå svært låge nivå i 2017, og at dette ikkje nødvendigvis betyr at reiarlaget går i pluss, seier Solberg.

For dei andre segmenta i bransjen har omsetninga auka gradvis sidan finanskrisa i 2008 og er no tilbake på nivåa før krisa. Inntektene fall likevel ein del frå 2016 til 2017, men forbundet trur det snur i 2018. Over halvparten av reiarlaga ventar auka omsetning i år.