Det går fram av Forsvarets investeringsproposisjon. Dei nye fartøya skal først og fremst løyse oppdrag i nordområda.

– Innkjøpet er viktig for Noregs evne til suverenitetshevding, fiskerioppsyn, forvalting av havområde og søk og redning til sjøs, seier Høgres forsvarspolitiske talsmann Hårek Elvenes til NTB.

Dei nye kystvaktskipa skal byggjast av Vard Langsten i Tomrefjorden. Kjøpet, som har ei kostnadsramme på 6,8 milliardar kroner, vil bety svært mykje for verftsindustrien i Møre og Romsdal. Det er første gong sidan bestillinga av dei seks korvettane i Skjold-klassen at den norske verftsindustrien blir tildelt ein så stor kontrakt.

Skipa skal byggjast etter dei strengaste miljøkrava til DNV GL. Dei skal ha dieselelektriske framdriftssystem med moglegheit for å installere batteripakke for hybriddrift på eit seinare tidspunkt. Dette er miljø- og utsleppskrav som kystvaktfartøya i Nordkapp-klassen ikkje oppfyller. Dei nye fartøya vil derfor sleppe ut vesentleg mindre klimagassar enn dei tre fartøya ein har i dag.